Hopp til innhold

Norddal kommune, Møre og Romsdal

I Norddal ligg Puttegga, som med sine 1999 moh. er det høgaste punktet i Møre og Romsdal.

Norddal kommune, 902 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 1750 innbyggjarar og grensar i vest til Stranda, i nord til Stordal, i nord og aust til Rauma og i sør til Skjåk i Oppland.

Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1837 og er den einaste kommunen i Møre og Romsdal der det aldri har vore grenseendringar. 1.1.2020 blir grensene for første gong endra, då dei blir slått saman med Stordal. 
Norddal er den austlegaste kommunen på Sunnmøre. Kommunen ligg rundt Norddalsfjorden, der den inste delen heiter Tafjorden, og omfattar òg fjellområda på begge sider av fjorden. Busetnaden er konsentrert om områda nær fjorden og i Valldalen, som går nordover frå administrasjonssenteret Sylte, og i Eidsdalen, som går sørover mot Geiranger. I dei store fjellområda er det fleire høge toppar, og søraust i kommunen ligg Puttegga.

galleri

Her er ein del jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald. Klimaet er godt eigna for frukt- og bærdyrking, og det vert dyrka eple, pærer og jordbær. Over 80 % av det samla bærarealet i fylket ligg i Norddal, og årsrekorden er 836 tonn jordbær. Kommunen har lite industri, men her er litt møbel- og trevareindustri. I Tafjordvassdraget er det i alt seks kraftstasjonar, med ein årleg produksjon på rundt 1060 GWh.


Zachariasdammen, i dalføret innover frå Tafjord, er 95 meter høg, og det er råd å gå over demninga. Valldal ligg på ”The Golden Route”, bilvegen mellom Geiranger i sør og Trollstigen i nord. Frå Tafjord kan ein framleis sjå spor i fjellsida etter raset i 1934, då flodbølgjer gjorde at 40 menneske mista livet. I fjellområda sør i kommunen er det lagt godt til rette for fotturar, med fleire turisthytter og merka stiar.
Storfjordnytt er den største avisa i kommunen og kom med det første nummeret i 1979. Avisa har hovudkontor i Sylte, kjem ut ein gong kvar veke og vert redigert på nynorsk.
I Norddal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Arne Sandnes (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017