Sentralt i Odda ligg Murboligen, som er ramma rundt handlinga i romanen Bikubesong av Frode Grytten.
Odda kommune, 1616 km2, ligg i Hordaland, har om lag 7000 innbyggjarar og grensar i vest til Etne og Kvinnherad, i nord til Ullensvang, i aust til Vinje i Telemark og i sør til Suldal og Sauda i Rogaland.
Kommunen vart oppretta i 1913, då Odda vart skild ut frå Ullensvang. I 1964 vart kommunane Odda og Røldal slegne saman, og den nye kommunen fekk namnet Odda. Odda, Ullensvang og Jondal blir 1.1.2020 slått saman til Ullensvang kommune.
Busetnaden er tettast i administrasjonssenteret Odda, som ligg inst i Sørfjorden. Det er tre mindre tettstader i kommunen – Tyssedal ved Sørfjorden, Røldal sør i kommunen og Skare inst i dalføret som går sørover frå Odda. På begge sider av Sørfjorden er det nasjonalparkar, Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust, og delar av begge parkane ligg i Odda kommune. Det høgaste punktet i kommunen er Sandfloeggi, 1721 moh.
Industri er den dominerande næringa i kommunen, også etter at Odda smelteverk vart nedlagt i 2003. Hovudvekta ligg på jern- og metallindustri, metallvareindustri og kjemisk industri. Her er ein del turisme, mellom anna knytt til Røldal Skisenter.

Røldal stavkyrkje, frå tidleg på 1200-talet, er innvendig dekorert med rosemåling på vegger og tak. Der heng det òg eit krusifiks som er om lag like gamalt som kyrkja, og som frå slutten av 1200-talet drog til seg pilegrimar som meinte at krusifikset hadde lækjande kraft. Desse pilegrimsvandringane vart forbodne i 1835. I Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, som dokumenterer og formildar historier knytte til vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri. Det årlege Litteratursymposiet i Odda vart første gongen arrangert i 2005. I Skjeggedal, aust for Tyssedal, ligg den særmerkte fjellformasjonen Trolltunga.
Den mest lesne avisa i kommunen er Hardanger Folkeblad. Avisa har hovudkontor i Odda og dekkjer kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord. Avisa kom med det første nummeret i 1949, kjem ut tre dagar i veka og vert redigert på nynorsk.
I Odda tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1905. Frå 1913 har foreldre fritt kunna velje opplæringsspråk for elevane, slik at det kan verta undervist i bokmål og nynorsk i same klasse. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1912. Kommunen har ikkje gjort vedtak om tenestemål, og er altså språkleg nøytral. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 64 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk.
Roald Aga Haug (Ap) har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store norske leksikon, bd. 11. Oslo 2006
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå,
ssb.no/kommuner, tal om Odda kommune
,
Først publisert: 12.09.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017