Hopp til innhold

Ørskog kommune, Møre og Romsdal

I 1802 opna klokkar Peter O. Strømme Ørschougs Almuebogsamling, som med sine femti bøker vart det andre utlånsbiblioteket på Sunnmøre.

Ørskog kommune, 130 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 2110 innbyggjarar og grensar i sør til Stordal og Sykkylven, i vest til Skodje og i nord og aust til Vestnes.

I 1883 vart Sykkylven skild ut som eigen kommune under namnet Søkelven. I 1955 vart eit mindre område overført til Sykkylven. I 1965 vart dei tre kommunane Stordal, Skodje og Ørskog slått saman til ein kommune, som fekk namnet Ørskog, men i 1977 skilde dei lag og vart på ny tre kommunar. 1.1.2020 blir Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog slått saman til ein kommune.

Ørskog ligg på Sunnmøre, på nordsida av Storfjorden. Dei fleste er busette ved fjorden, men der er òg ein viss busetnad i dalen opp frå Vagsvik. Administrasjonssenteret Sjøholt er den einaste tettstaden i kommunen. Sjøholt er eit mindre trafikknutepunkt, der E136 mellom Ålesund og Molde/Åndalsnes møter riksveg 650 frå Stranda og Stordal. Landskapet er prega av avrunda åsar, bortsett frå i søraust, der fjella vert høgare og villare. Det høgaste punktet i kommunen er Lauparen, 1434 moh.

Innanfor jordbruket er husdyrhald det viktigaste. Her finst nokre mindre industriverksemder, mellom anna møbel- og trevareindustri. På Ørskogfjellet er det fine tilhøve for vinterturisme. Over 40 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Ålesund.

ØRskog rundt 1900 Foto Henry Rosling digitaltmuseum no CC BY SA 2.jpg?w=600
Ørskog, ca 1900. Foto: Henry Rosling. Kjelde: Norsk folkemusem CC BY NC ND 3.0

Bygdebladet er lokalavis for Ørskog, Skodje, Haram, Vestnes og Stordal. Avisa kom med det første nummeret i 1972 og har hovudkontor på Sjøholt. Avisa kjem ut to gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Ørskog tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1909. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1929, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Knut Helge Harstad (Høgre) har vore ordførar sidan 2017.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017