Hopp til innhold

Ørsta kommune, Møre og Romsdal

Det var i Ørsta kommune at Ivar Aasen, far til nynorsken, blei fødd og voks opp. Her finn ein òg dei vakre Sunnmørsalpane, som byr på unike naturopplevingar.

Ørsta kommune, 804 km2, ligg i Møre og Romsdal og har om lag 10 500 innbyggjarar. Kommunen grensar til Ulstein i nordvest, Sykkylven og Stranda i aust, Hornindal i sør og Volda i sørvest. Nord for Vartdalsfjorden ligg kommunane Hareid og Sula.

Kart som viser Sogn og Fjordane fylke si plassering i Noreg og Ørsta kommune si plassering i fylket. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO.

Kart som viser Møre og Romsdal fylke si plassering i Noreg og Ørsta kommune si plassering i fylket. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO. Trykk her for å sjå eller laste ned kartet i større format.

I 1883 blei Ørsta skild ut som eigen kommune. I 1964 blei så kommunen slått saman med Vartdal og Hjørundfjord til nye Ørsta kommune, slik han framstår i dag. Busetnaden er hovudsakleg konsentrert rundt tettstaden Ørsta, som òg er kommunesenter.

Naturen i området byr på høge fjell og djupe fjordar. I aust går kommunegrensa langs fjellrekkja på austsida av Hjørundfjorden, der fjellsidene går stupbratt ned i fjorden. I vest går grensa langs fjellrekkja på nordsida av Voldafjorden/Austefjorden. Fjella rundt Hjørundfjorden er kjerneområdet for Sunnmørsalpane, og den høgaste fjelltoppen i kommunen er Kvitegga, 1717 moh., som ligg på grensa mellom kommunane Ørsta og Stranda. Naturen i Ørsta gjer at det fleire gonger i historia har skjedd store rasulykker.

ØRSTA slogen mot jakta foto Per Børge Flemsæter Den Norske Turistforening CC BY SA 3.jpg?w=600

Slogen mot Jakta. Foto: Per Børge Flemsæter/Den Norske Turistforening CC BY SA 3.0

Ørsta er ein industrikommune, med møbel-, metallvare- og næringsmiddelindustri, samstundes som servicenæringa er ein viktig sektor. Tradisjonelt har jordbruk, fiske og havbruk vore viktige levevegar, og Ørsta er framleis den største jordbrukskommunen i Møre og Romsdal.

Ivar Aasen voks opp på garden Åsen i Hovdebygda, der det har vore museum sidan 1898. I 2000 blei også Ivar Aasen-tunet opna her, eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Dei Nynorske Festspela, som blir arrangerte kvart år i slutten av juni, går føre seg i nabokommunane Ørsta og Volda. Naturfestivalen blir halden kvart år i slutten av juli og inviterer til natur- og kulturopplevingar på Sunnmøre.

ØRSTA Aasentunet.

Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Foto: Nynorsk kultursentrum.

Lokalavisa Møre-Nytt kjem ut i Ørsta tre dagar i veka og blir redigert på nynorsk. Sunnmørsposten er den mest lesne regionavisa, med artiklar både på nynorsk og bokmål.

I Ørsta tok skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1898, og i 2017 har 99 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål. Nynorsk som liturgispråk blei vedteke i 1927. Ørsta kommune har nynorsk som offisielt tenestemål.

Stein Aam (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2015]

Nettstaden til Ørsta kommune:http://www.orsta.kommune.no/[lesedato 16.12.2014]

«Ørsta og Sunnmørsalpane», informasjon om Ørsta: http://www.orstainfo.no[lesedato 18.12.2014]

Peikarar

Nettstaden til Ørsta kommune:http://www.orsta.kommune.no/ [lesedato 16.12.2014]

«Ørsta og Sunnmørsalpane», informasjon om Ørsta: http://www.orstainfo.no

Først publisert: 12.08.2015
Sist oppdatert: 18.12.2017