Hopp til innhold
Kommunevåpenet viser ein båt i gull og ei stor og ni små roser i gull mot raud bakgrunn.
Kommunevåpenet viser ein båt i gull og ei stor og ni små roser i gull mot raud bakgrunn.
X
Innhald

Os kommune, Hordaland

Os vart i 1999 den første kommunen i landet med ordførar frå Framstegspartiet, då Terje Søviknes vart vald til ordførar.

Os kommune, 134 km2, ligg i Hordaland, har om lag 16 500 innbyggjarar, og grensar i nord til Bergen og Samnanger, i aust til Fusa, i sør til Tysnes og i vest til Austevoll og Sund.


I høvesvis 1856 og 1907 vart Fusa og Samnanger skilde ut som eigne kommunar. I 1964 vart eit mindre område overført frå Fusa. . 1.1.2020 blir Os og Fusa slått saman til ein kommune, slik dei var før 1856.
Os ligg på vestsida av Fusafjorden, ein sidearm til Bjørnafjorden. Det meste av kommunen ligg på fastlandet, men også øyane sør for Bergenshalvøya høyrer med til Os. Det er busetnad på fleire av øyane. Kommunen har elles spreidd busetnad, med sterk konsentrasjon rundt administrasjonssenteret Osøyro. Der er fire andre tettstader i kommunen: Søfteland, Hagavik, Søvik og Søre Øyane. Terrenget er prega av avrunda åsar, som gradvis vert høgare nordover i kommunen. Det høgaste punktet i kommunen, Svenningen, 842 moh., er det nordlegaste punktet i kommunen.
galleri
I jordbruket er husdyrhald mest utbreidd, men her er òg ein del hagebruk. Innanfor industrien er verkstadindustrien størst. Nær halvparten av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Bergen.
Nordvest for Osøyro ligg ruinane av Lyse Kloster, som vart grunnlagt i 1146, og som var blant dei største jordeigarane i landet. Klosteret vart nedlagt i 1536. I Lysefjorden ligg Lysøya, der Ole Bull sette opp den særmerkte bustaden Lysøen. Huset er ope for turistar om sommaren. Militærleiren på Ulven vart under den andre verdskrigen nytta som fengsel av tyskarane.


Os og Fusaposten dekkjer både Os og Fusa og kom med det første nummeret i 1987. Avisa har hovudkontor i Os, kjem ut to gonger i veka og vert redigert på nynorsk. Avisa fekk i 2004 prisen Årets lokalavis.
I Os tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1939, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Skuleåret 2016/2017 har 86 % av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål.
Terje Søviknes (FrP) var ordførar frå 1999 til han blei statsråd i 2017.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 17.12.2017