Faktaboks

Administrasjonssenter
Lonevåg
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
8 131 (2022)
Landareal
244 km²
Høgaste fjell
Høgafjellet (868 moh.)
Innbyggjarnamn
ostring
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4630 (frå 01.01.2020, tidlegare 1253)

Kommunevåpenet i Osterøy har tre blå øksar med blad som vender nedover, to øvst og ei nedst, mot ein sølvfarga bakgrunn.

Kart: Osterøy kommune i Vestland
Osterøy kommune i Vestland fylke.
Kart: Osterøy kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Osterøy er ein kommune i Vestland fylke, i Nordhordland, nordaust for Bergen. Kommunen omfattar Osterøya, berre med unntak av den nordaustlege og sparsamt busette delen som høyrer til Vaksdal.

Kommunen blei oppretta i 1964 ved samanslåing av dei delane av dei tidlegare kommunane Haus, Hamre, Hosanger og Bruvik som låg på Osterøya, utanom den nemnde nordaustre delen som blei lagd til Vaksdal. Osterøy kommune ligg etter dette i sin heilskap på Osterøya, som gjerne blir omtalt som den største «innlandsøya» i landet.

Natur

Den vestlege halvdelen, sørvest for aksen Fotlandsvåg–Bruvik, består av Bergensfeltet sine samanpressa lag av både djupbergartar og sedimentære bergartar (gneis), opphavleg av grunnfjellsalder, men betydeleg forandra under den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå kaledonske orogenese).

Landskapet her er prega av langstrekte, parallelle rygger i strokretninga nordvest–søraust med dalsøkk og vikar imellom. Fjella i dette området er høgast mot Sørfjorden i sør (Brøknipa 822 meter over havet), der dei har svært bratte fall mot fjorden.

I nordaust består berggrunnen for det meste av gneis, også her av grunnfjellsalder og sterkt påverka i kaledonsk tid. Her er fjella meir avrunda og jamt over høgare enn i vest. Det høgaste fjellet i kommunen, Høgafjellet (868 meter over havet), ligg her, på grensa til Vaksdal.

I overgangen mellom dei to bergartskompleksa er det eit belte med ulike omdanna skiferar frå kambrosilur, særleg fyllitt og glimmerskifer. Dette området utgjer eit søkk med dei langstrekte vatna Austrevatnet og Vestrevatnet, som i dag er regulerte til eitt vatn (141–153 meter over havet) med eit trongt sund mellom.

Busetjing

Busetnaden er jamt fordelt i dei lågareliggjande stroka i sørvest. Her ligg fem av dei seks tettstadene i kommunen (innbyggjartal for 2019 fylgjer i parentes): Hausvik (601), administrasjonssenteret Lonevåg (874), Valestrandsfossen (1303), Haugo (680) og Hamre (210). Den sjette tettstaden, Fotlandsvåg (313 innbyggjarar i 2019), ligg ved ein arm av Osterfjorden, noko lenger nordaust. I alt budde 49 prosent av innbyggjarane i kommunen i 2019 i tettstader, mot 83 prosent i Hordaland samla sett.

Osterøy har hatt stort sett aukande folketal sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2010–2020 auka det med gjennomsnittleg 0,9 prosent årleg mot 1,0 prosent i Hordaland samla sett.

Kart over Osterøy kommune
Kart over Osterøy kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Utanom offentleg administrasjon og tenesteyting er næringslivet prega av industri, som i 2019 omfatta 19 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 36 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Den viktigaste industribransjen i kommunen er verkstadindustrien, med 69 prosent av arbeidsplassane i industri (2019). Av dette 53 prosent i metallvareindustri åleine, mellom anna Lonevåg Beslagfabrikk (LOBAS). Elles er der også næringsmiddelindustri (mellom anna fiskeforedling) og trelast-/trevare- og møbelindustri (HBH Møbelfabrikk), med høvesvis 23 og 3 prosent av arbeidsplassane i industrien.

Jordbruket er dominert av storfe- og sauehald. Elles blir geitehaldet lagt merke til; Osterøy er den einaste kommunen i Nordhordland med denne driftsforma. Nest etter Alver kommune er det Osterøy som har størst skogavverking blant kommunane i Nordhordland (10 700 m3 i 2019). Det blir elles drive mykje fiskeoppdrett i kommunen. I alt er fire prosent av Osterøys arbeidsplassar i primærnæringane (2019).

Av busette yrkesaktive i Osterøy har 45 prosent arbeid utanfor kommunen, 33 prosent i Bergen og i alt 4 prosent i resten av kommunane i Nordhordland (2019).

Osterøy har ein relativt beskjeden kraftproduksjon, i alt 20,6 MW i maskininstallasjon og 95 gigawattimar (GWh) i mellomliggjande årsproduksjon fordelt på fire kraftverk (per 2019). Største enkeltverk er Herlandsfoss med høvesvis 13,8 MW og 64 GWh.

Samferdsle

Osterøybrua
Osterøybrua knyter Osterøya til fastlandet. Osterøya til venstre i biletet.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Vegnettet er særleg tett i vestre del av kommunen. Hovudåra til Osterøya er fylkesveg 566, som går frå Herland på E16 via Osterøybrua til fylkesveg 567 på Haugo. Ein annan viktig veg til Osterøy er fylkesveg 567, som går frå Myrsæter i Åsane på E39 via ferjesambandet Breistein–Valestrandsfossen austover til Tysse via Haugo, Lonevåg, Hosanger og Fotlandsvåg. Frå Lonevåg går ein tredje viktig veg, fylkesveg 5422, sørover via Lone tilbake til fylkesveg 566 ved Gongerinden. Elles ligg fylkesveg 5418 langs kysten frå Osterøybrua frå Haus austover til Bruvik og derfrå nordover til Hakanes, omtrent midt på Osterøya.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg blir driven av Vestland fylkeskommune.

Osterøy høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Nordhordland saman med Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen. Osterøy er del av Osterfjorden næringsregion saman med Modalen og Vaksdal.

Osterøy kommune svarer til dei fem sokna Bruvik, Gjerstad, Hamre, Haus og Hosanger i Åsane prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Osterøy til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Osterøy

Osterøy

Osterøy. Havråtunet, eit av dei mest interessante eldre gårdstuna på Vestlandet, som viser korleis eit vestnorsk klyngetun tok seg ut før utskiftingstida. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

For statistiske føremål er Osterøy kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 36 grunnkrinsar:

  • Bruvik/Haus: Vassdal, Bruvik, Skafta, Solstrand, Hausvik, Mjelde, Veseth, Votlo
  • Gjerstad: Hartveit, Mæle, Hovden, Gjerstad, Lonevåg, Fitje, Myking, Hauge, Hansdal
  • Hamre: Valestrand nord, Valestrand sør, Valestrandsfossen, Bleikli, Hamre, Hjellvik, Raknes
  • Hosanger: Svenheim, Grønås, Bysheim, Heldal, Mjøsdalen, Gatland, Fotland, Vare, Birkeland, Tysse, Tyssebotnen, Kleiveland

Historikk og kultur

Av kulturhistorisk interesse er Hamre kyrkje frå 1600-talet med særprega interiør, mellom anna ein døypefont i kleberstein frå 1250. Kyrkja, som er den eldste på Osterøya, er freda.

Det gamle Havråtunet i sør – eit klyngjetun med busetnaden til det som opphavleg var åtte bruk, i alt cirka 60 hus – er freda. Osterøy museum (på Gjerstad sør for Lonevåg) har mellom anna busetnad heilt frå før svartedauden. På Valestrand ligg eit godt bevart garveri som er del av Osterøy museum. Ole Bulls villa («Bullahuset») ligg i tettstaden Valestrandsfossen.

Det har tidlegare blitt drive gruver ved Bysheim, der det er førekomstar av magnetkis. På Skaftå ved Bruvik blei det drive kalksteinsgruve frå cirka 1870 til 1961. Loneelva er ei viktig fiskeelv med ein spesiell stamme av laks. Laksen er småvaksen og oppfører seg meir som sjøaure når det gjeld vandringar.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har tre blå øksar med nedvende blad, 2–1, mot sølvfarga bakgrunn. Motivet illustrerer bygningsarbeid, som har lange tradisjonar i kommunen.

Namnet kjem truleg av same rot som auke med tolkinga 'den høge' eller 'den store øya'. Der ligg òg føre ei rekkje andre, mindre rimelege tolkingar av kommunenamnet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Aasheim, Håkon S.: Hamre : gards- og ættesoge for tidlegare Hamre kommune og sokn på Osterøy, 1990, 2 b., isbn 82-992031-0-4
  • Kleiveland, Geir: Osterøy bygdebok: Allmennsoge, 2007–2011, 2 bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg