Hopp til innhold
Osterøy kommunevåpen viser tre blå økser på sølv bakgrunn.
Osterøy kommunevåpen viser tre blå økser på sølv bakgrunn.
X
Innhald

Osterøy kommune, Hordaland

I Osterøy kommune ligg Havråtunet, eit av dei best bevarte klyngjetuna på Vestlandet.

Osterøy kommune, 275 km2, ligg i Hordaland, har om lag 7300 innbyggjarar og grensar i sør til Bergen, i vest og nord til Lindås og i aust til Vaksdal.
Kommunen vart oppretta i 1964, då dei delane av Bruvik, Hamre, Haus og Hosanger som låg på Osterøy, vart slått saman til ein ny kommune.
Kommunen omfattar det meste av Osterøya, bortsett frå den nordaustre delen, som høyrer til Vaksdal. Det meste av busetnaden er i sørvest, der dei fire tettstadene i kommunen ligg, Hausvik, Valestrandsfossen, Fotlandsvåg og administrasjonssenteret Lonevåg. Landskapet er prega av låge parallelle ryggar og stig gradvis austover. Det høgaste punktet er Høgafjellet, 868 moh. Øya fekk landfast samband då Osterøybrua opna i 1997.


galleri

Det er stor variasjon i industrien i kommunen. Dei viktigaste greinene er mekanisk verkstadindustri, tekstilindustri, fiskeindustri og møbelproduksjon. Innanfor jordbruket er husdyrhald det vanlegaste. Skogbruket er òg viktig, og Osterøy er den kommunen i fylket med størst hogst.
I Havråtunet vert det drive jordbruk etter tradisjonelle driftsmåtar, og kulturlandskapet vart freda i 1999. I klyngjetunet er det rundt 60 hus, mellom anna eit av dei eldste profane trehusa i landet. Ved Valestrandsfossen ligg barndomsheimen til Ole Bull. Osterøy Museum på Gjerstad har ti bygningar, det eldste er frå før svartedauden. I mellomalderen var Hamre kyrkje hovudkyrkje for heile Nordhordland.
Bygdanytt, som har hovudkontor i Indre Arna, dekkjer Arna og Osterøy. Avisa kjem ut to gonger kvar veke og er redigert på begge målformer.
I Osterøy tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1890 (Hosanger). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1917 (Gjerstad), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Haus). Kommunen har ni grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jarle Skeidsvoll (KrF) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017