Hopp til innhold

Øygarden kommune, Hordaland

I Øygarden kommune er det funne rundt 100 buplassar som er over 4000 år gamle.

Øygarden kommune, 64 km2, ligg i Hordaland, har om lag 4200 innbyggjarar og grensar i sør til Fjell, i aust til Askøy og Radøy og i nord til Fedje.

Kommunen vart oppretta i 1964, då Hjelme kommune vart slått saman med delar av Herdla. 1.1.2020 blir Øygarden, Fjell og Sund slått saman til Øygarden kommune.

Øygarden er ein øykommune med i alt 546 større og mindre øyar. Desse øyane ligg i ei øyrekkje heilt vest i Hordaland. Busetnaden er spreidd over mange av øyane, og kommunen har ingen tettstader. Kommuneadministrasjonen ligg i Rong, sentralt i kommunen. Dei fleste øyane er relativt låge, og det høgaste punktet i kommunen, Blomøyknuten, er ikkje høgare enn 74 moh.

Fiske har lenge vore den viktigaste næringa i kommunen, gjerne i kombinasjon med jordbruk. I dag er det mykje fiskeoppdrett. I 1990-åra vart det opna to store anlegg i kommunen: Kollsnes (gass) og Sture (olje). Rundt halvparten av dei yrkesaktive pendlar til andre kommunar, først og fremst Bergen og Fjell.

Ved Blomvåg er det gjort funn av over 12 500 år gamle beinrestar, frå både dyr og fisk.

Vest-Nytt vert redigert frå Straume, dekkjer kommunane Fjell, Sund og Øygarden og kjem ut ein gong kvar veke. Avisa vart etablert i 1987, då dei to avisene Sotranytt og Vestgula slo seg saman.

I Øygarden tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919 (Herdla og Hjelme). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1933 (Herdla), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Herdla). Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 93 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Dette har auka sidan midten av 2000-talet.

Børge Haugetun (Tverrpolitisk Valliste) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017