Hopp til innhold
Øystre Slidre kommunevåpen viser blå og kvite skjell, som eit symbol på skiferproduksjonen i kommunen.
Øystre Slidre kommunevåpen viser blå og kvite skjell, som eit symbol på skiferproduksjonen i kommunen.
X
Innhald

Øystre Slidre kommune, Oppland

Øystre Slidre er heimkommunen til Ridderrennet, det første skirennet for blinde i verda.

Øystre Slidre kommune, 963 km2, ligg i Oppland, har om lag 3200 innbyggjarar og grensar i vest til Vang og Vestre Slidre, i sør til Nord-Aurdal, i aust til Gausdal, Sør-Fron og Nord-Fron og i nord til Vågå.

I 1849 vart Slidre kommune delt i to, Øystre og Vestre. Etter det har det berre vore mindre endringar – i 1882 vart eit mindre område overført frå Vang, og i 1899 vart eit mindre område overført til Vestre Slidre.

Øystre Slidre Øuyangen 1957 Landskap med geiter Foto Dagbladet Kjelde Norsk Folkemusem CC BY SA 3.jpg?w=600

Geiter ved Øyangen i 1957. Foto: Dagbladet. Kjelde: Norsk Folkemuseum. CC BY SA 3.0

Det meste av busetnaden i kommunen ligg i det austlege hovuddalføret til Begnavassdraget. Til kommunen høyrer òg store fjellvidder, hovudsakleg på austsida av dalføret, og kommunen strekkjer seg opp mot det søraustre hjørnet av Jotunheimen. Her er tre mindre tettstader, Moane, administrasjonssenteret Heggenes og turiststaden Beitostølen. Det høgaste punktet i kommunen er austtoppen av Rasletinden, 2010 moh.

Den dominerande næringa i kommunen er jordbruk, med hovudvekta på husdyrhald. Øystre Slidre er kommunen med flest geiter i fylket, og det er framleis stølsdrift fleire stader i kommunen. Reiseliv er ei anna viktig næringsgrein, spesielt rundt Beitostølen, der det finst fleire store hotell, og der det er tilrettelagde turløyper sommar og vinter. På Beitostølen er det òg eit stort helsesportsenter.

Øystre Slidre Beitostølen foto Jonas Smith CC BY SA 2.jpg?w=600

Beitostølen. Foto: Jonas Smith, CC BY SA 2.0

Ved Hegge ligg Hegge stavkyrkje frå tidleg 1200-tal. Ved Rogne var det tidlegare skiferdrift, og om sommaren er der eit lite museum som fortel om skiferdrifta. I 1964 vart Ridderrennet arrangert for første gong. Det var då eit skirenn for synshemma, men er i dag del av ei vintersportveke for folk med mange ulike funksjonshemmingar.

Fagernes-avisa Valdres er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa vart grunnlagd i 1903 og kjem ut fire gonger kvar veke. Avisa er redigert på begge målformer.

I Øystre Slidre tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 84 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Kjell Berge Melbybråten (Ap) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017