Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Rauma viser tre spissar i sølv mot blå bakgrunn, som eit symbol på topografien i kommunen.
Kommunevåpenet i Rauma viser tre spissar i sølv mot blå bakgrunn, som eit symbol på topografien i kommunen.
X
Innhald

Rauma kommune, Møre og Romsdal

Rauma kommune er prega av vakker og vill natur. Her finn ein den spektakulære Trollstigen og basehopparar som kastar seg utfor Kalskråtinden.

Rauma kommune, 1502 km2, ligg i Møre og Romsdal og har om lag 7440 innbyggjarar. I nord og aust grensar kommunen til Molde og Nesset, i søraust til Lesja, i sør til Skjåk, i sørvest til Norddal og Stordal og i vest til Vestnes. Rauma består av bygdene kring indre Romsdalsfjorden og dei mindre fjordarmane Rødvenfjorden, Innfjorden og Isfjorden, og delar av sjølve Romsdalen i søraustleg retning.

I 1964 blei Rauma skipa som eigen kommune gjennom ei samanslåing av Eid, Grytten, Hen, Voll og delar av Veøy. Administrasjonssenteret er Åndalsnes, og andre større bygder er Innfjorden, Isfjorden, Voll og Brønnsletta.

Rauma har eit mangfaldig naturlandskap – frå slakke lier til høge fjell og djupe dalar. Over halvparten av arealet i kommunen ligg meir enn 900 meter over havet, og det høgaste fjellet er Pyttegga (eller Putteegga), 1999 moh. Andre høge fjelltoppar er Romsdalshorn, Trollveggen, Vengetind, Bispen, Dronninga, Kongen og Kalskråtinden. Topografien finn vi òg att i kommunevåpenet, med tre kvite taggar, som symboliserer fjelltoppar, mot blå bakgrunn.

Fjellet Mannen (1294 moh.) ligg i Rauma kommune og er ein del av Børå-platået. Mannen er eit av sju fjellparti som er kategorisert som høgrisikoobjekt og blir overvaka heile døgnet av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Veslemannen er ein del av Mannen og den mest ustabile delen av fjellpartiet. 

galleri

Tradisjonelt har jordbruk vore ei viktig næring i Rauma kommune, men dei siste tiåra har denne næringa fått stadig mindre å seie. Kommunen har mange industribedrifter, innanfor konfeksjon og tekstil, møbel, betong, plast og verkstadindustri. Kommunen har tre store kraftverk, der Grytten kraftverk er det største. Rauma har òg eit godt utvikla reiseliv og satsar aktivt på naturbasert turisme.

Romsdalsmartnan har lange historiske røter og blir halden kvart år på Åndalsnes. Her finn ein òg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Norsk Fjellfestival blir arrangert kvar sommar og er ein av dei største og viktigaste friluftsfestivalane i landet.

Lokalavisa er Nye Åndalsnes Avis, som kjem ut tre gonger i veka.

I Rauma har 31 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Lars Olav Hustad (H) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 2.7.2015]

Nettstaden til Rauma kommune: https://www.rauma.kommune.no [lesedato 2.7.2014]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 2.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Rauma kommune: https://www.rauma.kommune.no

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017