Hopp til innhold
Rennesøy kommunevåpen har to krumstavar i sølv på blå bakgrunn, eit motiv frå Utstein kloster.
Rennesøy kommunevåpen har to krumstavar i sølv på blå bakgrunn, eit motiv frå Utstein kloster.
X
Innhald

Rennesøy kommune, Rogaland

Rennesøy kommune har over 80 øyar, men berre åtte av dei er busette. Utstein kloster, det einaste mellomalderklosteret som er att i Noreg, ligg i denne kommunen.

Rennesøy kommune, 66 km2, ligg i Rogaland fylke, og har ca. 4800 innbyggjarar. Kommunen ligg i Boknafjorden og utgjer ei rekkje øyar – der Rennesøy, Sokn, Mosterøy, Bru, Fjøløy, Vestre Åmøy (Austre Åmøy høyrer til Stavanger kommune), Klosterøy og Brimse er busette. I nordaust grensar kommunen til Finnøy, i vest til Kvitsøy, i sør til Stavanger og Randaberg og i aust til Strand.

Rennesøy blei eigen kommune i 1837. I 1884 blei Mosterøy skild ut frå kommunen, og i 1918 blei deretter eit mindre område overført til Finnøy kommune. I 1965 fekk kommunen dei noverande grensene, då Rennesøy og Mosterøy igjen blei slått saman. Administrasjonssenteret er Vikevåg, som òg er den største tettstaden i kommunen. Rennesøy fekk fastlandssamband til Randaberg og Stavanger i 1992 gjennom to undersjøiske tunnelar. Utanom Brimse er alle dei busette øyane i kommunen i dag knytte saman med undersjøiske tunnelar eller bruer. 1.1.2020 slår Stavanger, Rennesøy og Finnøy kommunar seg saman til éin kommune.

Rennesøy kommune er ein del av det eineståande øyriket i Ryfylke. Dei fleste av øyane er flate og låge, og landskapet er ope. Det høgaste punktet i kommunen er Hodnafjellet, 234 moh. På grunn av planterikdomen på øyane blir Rennesøy kalla «den grøne kommunen».

Nær 70 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane i Rennesøy har arbeidsplassen sin utanfor kommunen. Offentlege tenester, mellom anna helse og utdanning, står for over 30 prosent av sysselsetjinga i kommunen, jordbruk for ca. ti prosent og industri ca. fem prosent.

Nord på Rennesøy ligg Galtafunna, som er dei eldste arkeologiske funna gjorde ved kysten i Sør-Noreg. Her finn ein fleire buplassar frå steinalderen, der den eldste er datert til rundt 10 000 år f.Kr. På Klosterøy ligg Utstein kloster, frå ca. 1260, som truleg blei bygd der ein av kongsgardane til Harald Hårfagre låg. Utstein er det einaste norske klosteret frå middelalderen som framleis står.

Bygdebladet Randaberg og Rennesøy er lokalavis for kommunen. Avisa kjem ut ein gong i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk. Regionavisa er Stavanger Aftenblad.

I Rennesøy tok skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907, og i 2017 hadde 22 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål. Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som inneber at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller på nynorsk.

Dagny Sunnanå Hausken (Sp) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 26.1.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 26.1.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 26.1.2015]

Nettstaden til Rennesøy kommune: http://www.rennesoy.kommune.no [lesedato 26.1.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/, [lesedato 26.1.2015]

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017