Faktaboks

Administrasjonssenter
Tysse
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
2 501 (2022)
Landareal
257 km²
Høgaste fjell
Tveitakvitingen (1299 moh.) på grensa til Samnanger
Innbyggjarnamn
samning
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4623 (frå 01.01.2020, tidlegare 1242)
Kart: Samnanger kommune i Vestland
Samnanger kommune i Vestland fylke.
Kart: Samnanger kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Samnanger

Samnanger. Notaholmen i Samnangerfjorden. Før i tida tørka ein nøtene her, derav namnet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Samnanger er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring indre del av Samnangerfjorden aust for Bergen, og er dessutan Storelva sitt dalføre nordaustover til vasskilet mot Vaksdal kommune og dens tilløp, Frølandselva, til vasskilet mot Kvam kommune i aust.

Samnanger kommune vart oppretta i 1907 ved utskiljing frå Os. Sidan har kommunen hatt uendra grenser. Samnanger grensar til Vaksdal i nordvest og nord, Kvam i aust, Bjørnafjorden i sør, og til Bergen i vest.

Natur

Berggrunnen i Samnanger høyrer i sin heilskap til Bergensfeltet (Bergensbuene). Vest for Samnangerfjorden finn ein djupbergartar av kaledonsk opphav (sjå kaledonske orogenese), mellom anna gabbro og grønnstein. Langs austsida av Samnangerfjorden, rundt fjordbotnen og på eidet nordover til kommunegrensa mot Vaksdal og Bergen er det kambrosiluriske skifrar. Heilt i aust er skifrane dekte av overskovne, harde bergartar av grunnfjellsalder, mest gneis. Desse skyvedekka dannar dei høgaste partia i kommunen (Tveitakvitingen 1299 moh.) på grensa mot Fusa.

Samnangerfjorden er trong med til dels bratte sider, men den inste delen vidar seg ut og har opnare og frodigare landskap. Fjorden følgjer strøkretninga i Bergensbuene.

Busetnad

Busetjinga finn ein særleg ved dei indre delane av fjorden, og her ligg den einaste tettstaden i kommunen, Haga (1072 innbyggjarar i 2020). I alt 43 prosent av befolkninga i kommunen budde i 2020 i tettstader mot 80 prosent i Vestland fylke samla sett. Tysse, som ligg like sør for Haga, er administrasjonssenter, med butikk- og servicesenter.

Folketalet har vore relativt stabilt sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2007–2017 auka det med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 1,3 prosent i fylket samla sett.

Kart over Samnanger kommune
Kart over Samnanger kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industri viktigaste næring i Samnanger målt etter sysselsetjing, med 8 prosent av arbeidsplassane i 2019, 16 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Tidlegare var tekstilindustri den viktigaste industribransjen, med 45 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2011. I 2013 vart produksjonsdelen av Strømpefabrikken SAFA – Samnanger Fabrikker AS flytta til Litauen, medan resten av verksemda held fram i Samnanger. I 2015 var viktigaste industribransjar betongvare-, møbel- og verkstadsindustri, med høvesvis 53, 26 og 12 prosent av dei sysselsette.

Jordbruket er beskjedent og basert på husdyrhald (sau, storfe), der nesten heile jordbruksarealet blir nytta til eng og beite.

Samnanger er ein mellomstor kraftkommune. I kommunen er det per 2016 utbygd i alt åtte store og små vasskraftverk med ei samla maksimal yting på 112,3 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 516 gigawattimar (GWh). Kraftverka med høgast produksjon er Kvittingen (1984), Grønsdal (1949) og Frøland (1912).

Av yrkesbefolkninga i Samnanger har 62 prosent arbeid i andre kommunar, 48 prosent i Bergensområdet (38 prosent i Bergen åleine), seks prosent i Fusa og fire prosent i Hardanger/Voss (2019).

Samferdsel

Gjennom kommunen går Fv. 7, GranvinTrengereid–(Bergen). Den kjem frå Kvamskogen ned Eikedalen, forbi Tysse og Haga og over Gullbotn ved grensa til Bergen. Frå Tysse går Fv. 48 sørover langs Samnangerfjorden si austside til Fusa, langs vestsida går Fv. 137 til Os.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Samnanger høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Samnanger er del av Bergen næringsregion saman med Askøy, Bergen, Fjell, Bjørnafjorden og Øygarden.

Samnanger kommune svarer til soknet Samnanger i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Samnanger til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Samnanger

For statistiske formål er Samnanger kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Rolvsvåg, Hisdal/Li, Nordbygda, Steinsland, Haga, Tveit, Grønsdal, Høysæter, Frøylandsdal, Tysse indre, Tysse ytre og Sundvik.

Historikk og kultur

Fjelltraktene i Samnanger er mykje nytta som skiterreng, og turisttrafikken er særleg stor i aust, der kommunen strekkjer seg opp til Kvamskogen.

Samnanger kyrkje på Årland er ein langkyrkje i tømmer som vart bygd i 1851. Det er funne restar av ei stavkyrkje her, truleg frå 1100-talet. Kyrkja er første gong nemnd i tekst i 1329. I ei gravrøys på Totland vart det funne ei mengd reiskapar frå yngre jernalder. Eikedalselva er varig verna.

Kjend er òg Samnangerfela, ei hardangerfele laga av Johannes Bårdson Tveit, som var oldefar til komponisten Harald Sæverud. Lokalavisa Samningen er den største avisa i kommunen og kom med første nummeret i 1976. Avisa har hovudkontor på Årland og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har seks gulldropar som dannar ein sirkel mot ein raud bakgrunn. Det siktar til kraftproduksjon og tidlegare nedbørsrekord.

Namnet er opphavleg eit fjordnamn. Første ledd er ikkje sikkert forklart, men kan vere eit gammalt folkenamn, medan siste ledd er angr, med tydinga ‘fjord‘.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aadland, Ivar Bård: Samnanger kommune : 1907–2007, 2007
  • Haukanes, Britt: Samnanger kyrkje gjennom tidene, 2001
  • Lauvskard, Nils: Samnanger, 1930–54, 2 bind.

Kommentarar (2)

skreiv Bjørnulf Aasen

I feltet for kommunevåpen vises et kart over Hordaland.

svarte Mari Paus

Takk for tipset! Det er rettet nå. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg