Hopp til innhold

Samnanger kommune, Hordaland

Samnanger har om lag dobbelt så mykje nedbør som Bergen. Fleire av elvane i kommunen er utbygde, og dei fem kraftverka i kommunen har ein samla årleg produksjon på 470 GWh.

Samnanger kommune, 269 km2, ligg i Hordaland, har om lag 2400 innbyggjarar og grensar i sør til Fusa og Os, i vest til Bergen, i nord til Vaksdal og i aust til Kvam.

I 1907 vart Samnanger skild ut frå Os, og kommunegrensene har ikkje endra seg etter det.

Kommunen ligg rundt dei indre delane av Samnangerfjorden. Frå fjordbotnen går to dalføre, eitt nordover mot Bergsdalen og eitt austover mot Kvamskogen. Det meste av busetnaden er inst i fjordarmen, og her ligg òg dei to tettstadene i kommunen, Haga og administrasjonssenteret Tysse. Terrenget stig mot aust, og der ligg òg det høgaste punktet i kommunen Tveitakvitingen, 1299 moh.

galleri


Industri er den viktigaste næringsgreina, med hovudvekt på tekstilproduksjon. Jordbruket i kommunen er basert på husdyrhald. Rundt 60 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst i Bergen.

På Årland er det funne restar etter ei stavkyrkje, truleg frå 1100-talet. I ei gravrøys på Totland vart det funne ei mengd reiskapar frå yngre jernalder. Eikedalselva er varig verna.

Lokalavisa Samningen er den største avisa i kommunen og kom med det første nummeret i 1976. Avisa har hovudkontor på Årland, kjem ut ein gong kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Samnanger tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1909. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1938, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Knut Harald Frøland (Bygdalista) har vore ordførar sidan 2015.


Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 12, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017