Hopp til innhold

Sande kommune, Møre og Romsdal

Ei legende fortel at kong Arthur og riddarane hans på 500-talet kom til Sande for å leite etter den heilage gralen, og dette har gitt handling til det årlege Kong Arthur-spelet .

Sande kommune, 90 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 2500 innbyggjarar og grensar i nord og aust til Herøy, i sør til Vanylven og i vest til Selje i Sogn og Fjordane.
 
Sande vart skild ut frå Herøy i 1867. I 1873 og 1889 vart to mindre område overførte til Herøy.  I 1905 vart Rovde skild ut som eigen kommune, men i 1964 vart det meste av Rovde og delar av Herøy igjen ein del av Sande. I 2002 vart området sør for Hallefjorden overført til Vanylven. Fram til ca. 1870 gjekk kommunen under namnet Sandø, som ikkje må forvekslast med Sandø (no Sandøy) i Romsdal.

Sande ligg heilt sørvest på Sunnmøre. Kommunen er ein øykommune. Det meste av kommunen ligg på Gurskøya, som har landfast samband etter at Eiksundsambandet opna i 2008. Gurskøya ligg nord for Hallefjorden og Rovdefjorden, men kommunen omfattar òg fleire øyar utanfor utløpet av Hallefjorden. Det går ferje til Kvamsøya og Voksa, og frå Voksa er det bruer til tre andre øyar. Dei fleste i kommunen er busette på Gurskøya, der administrasjonssenteret Larsnes ligg på sørsida av øya. Terrenget er ulendt, men fjella er relativt låge. Det høgaste punktet i kommunen er Sollia, 660 moh.

Kommunen har litt jordbruk, men bruka er små og vert ofte drivne i kombinasjon med anna arbeid. Innanfor industrien er verkstadindustrien den største greina. Her finst i tillegg næringsmiddel-, tekstil- og plastindustri.

I kommunen er det funne fleire bustader frå steinalderen, mellom anna i Dollsteinhola på Kvamsøya. Det årlege Kong Arthur-spelet vart første gong framført i 2002. Manusforfattar er Oddbjørn Hagen, og handlinga er henta frå ei legende som seier at kong Arthur og riddarane hans på 500-talet var på Sande for å leite etter den heilage gralen.

Vestlandsnytt er lokalavis for Herøy og Sande og har hovudkontor i Fosnavåg. Avisa vart grunnlagd i 1936, kjem ut to gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Sande tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1906. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Dag Vaagen (H) har vore ordførar sidan 2007.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 12, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017