Hopp til innhold
Sandnes kommunvåpen viser ein leirgauk i sølv mot grøn bakgrunn som symbol på leirvareindustrien i kommunen.
Sandnes kommunvåpen viser ein leirgauk i sølv mot grøn bakgrunn som symbol på leirvareindustrien i kommunen.
X
Innhald

Sandnes kommune, Rogaland

Sandnes er ein av dei raskast veksande kommunane i Noreg, og nabokommunane Stavanger, Sola og Randaberg utgjer saman med Sandnes det største samanhengande byområdet i Noreg.

Sandnes kommune, 304 km2, ligg i Rogaland fylke og har nærare 75 000 innbyggjarar. Kommunen grensar til Stavanger i nord, Forsand og Strand i nordaust, Time og Klepp i sør og Gjesdal i sør og søraust.

Sandnes blei eigen kommune i 1860, då Sandnes blei skilt ut frå Høyland. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1965, då Sandnes blei slått saman med Høyland, delar av Hetland og Høle. Det er den åttande største kommunen i Noreg, og administrasjonssenteret er Sandnes, som er den sjuande største byen i landet. Sandnes er ein av dei raskast veksande kommunane i Noreg (frå ei oversikt over kommunar med fleire enn 20 000 innbyggarar). I 2014 var det berre i Oslo, Bergen og Trondheim som hadde større folkevekst. Sandnes utgjer saman med Stavanger, Sola og Randaberg det største byområdet i landet, med til saman over 242 000 innbyggjarar. 1.1.2020 slår Sandnes og Forsand kommunar seg saman.

Kommunen er lokalisert inst i Gandsfjorden, med busetnad kring fjorden og innover i dalen Ganddal. Gandsfjorden og Ganddal utgjer eit markant topografisk skilje mellom det fruktbare slettelandskapet Låg-Jæren i vest og det kuperte heilandskapet mot Høgsfjorden og Høg-Jæren i aust. Den høgaste fjelltoppen i kommunen er Bynuten, 671 moh.

Byen Sandnes voks fram som sentral hamn og handelstad i Jærområdet, og på slutten av 1700-talet blei det òg utvikla teglverk- og pottemakarindustri. Den historiske verdien av denne næringa viser i dag att i kommunevåpenet, som har bilete av blåseinstrumentet leirgauk. Frå slutten av 1800-talet blei tekstil-, trevare- og mølleindustri viktige næringar, i tillegg til skipsfart. I dag står offentleg administrasjon og tenesteyting for hovuddelen av arbeidsplassane i kommunen. Varehandel, hotell- og restaurantverksemd, industri og forretningsmessig tenesteyting er andre viktige næringar. Kommunen er tett knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Sandnes DBS Sykkelfabrikk Foto Dagbladet 1957 KJelde Norsk Folkemuseum CC BY SA 3.jpg?w=600

DBS Sykkelfabrikk i Sandnes, 1957. Foto: Dagbladet. Kjelde: Norsk Folkemuseum CC BY SA 3.0

I 1999 opna Sandnes kulturhus, og i 2001 blei Sandnes kåra til årets kulturkommune i Rogaland for si aktive satsing på kulturlivet i byen. I 2008 hadde kommunen saman med Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune status som europeisk kulturhovudstad. I Sandnes finst det fleire museum, mellom anna Vitenfabrikken midt i Sandnes sentrum, som gjennom interaktive formidlingsmetodar utfordrar barn og unge til å utforske realfag, matematikk og teknologi. Nordsjørittet, som går frå Egersund til Sandnes, blir arrangert kvart år og er det nest største sykkelrittet i Noreg. Blinkfestivalen blir arrangert i Sandnes kvar sommar og er den største sommarskifestivalen i verda. Hit kjem verdseliten i langrenn og skiskyting for å konkurrere på rulleski.

Lokalavis er Sandnesposten, som kjem ut to dagar i veka. Avisa blir redigert på bokmål, men har òg artiklar på nynorsk. Regionavisa er Stavanger Aftenblad.

To prosent av skuleelevane i Sandnes kommune, altså 174 elevar, har nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som inneber at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller på nynorsk.

Stanley Wirak (Ap) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Martin Riber Sparre: «Norges raskest voksende kommune arrangerer boliglotteri», dn.no, publisert 11.2.2014: http://www.dn.no/privat/eiendom/2013/06/06/norges-... [lesedato 25.8.2015]

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf[lesedato 27.1.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 27.1.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 27.1.2015]

Nettstaden til Sandnes kommune:https://www.sandnes.kommune.no[lesedato 27.1.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 27.1.2015]

Først publisert: 29.01.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017