Hopp til innhold

Sandøy kommune, Møre og Romsdal

I Sandøy kommune ligg øya Ona, som var det sørlegaste fiskeværet i landet.

Sandøy kommune, 20 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 1300 innbyggjarar og grensar i sør til Haram, i aust til Midsund og i aust og nord til Aukra.
 
Sandøy vart skild ut frå Aukra i 1867. I 1965 vart dei delane av Harøya som høyrde til Haram, overførte til Sandøy.
 
Sandøy er den minste kommunen i fylket og er ein øykommune, der seks av dei mange øyane er busette. Den største øya er Harøya, og der er òg dei fleste innbyggjarane i kommunen busette. Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Steinshamn. Det går bru frå Harøya til Finnøya og ferje vidare til Orten, Sandøya og Ona. Dei fleste øyane i kommunen er heller flate. Unntaket er Harøya, og der ligg det høgaste punktet i kommunen, Harøyburet, 156 moh.
 
Fiske har tradisjonelt vore den dominerande næringa i Sandøy, og fisket sysselset framleis mange. Den største verksemda er I.P. Huse, som er blant dei største i verda på produksjon av vinsjar til ankerhandteringsfartøy. Industrien i kommunen er dominert av verkstadindustri. På Harøya er det ein vindkraftpark. Reiselivsnæringa er i vekst. Kommunen har sju småbåthamner, og i 2007 opna badelandet Håp i Havet på Finnøya. Ona fyr, på den nordlegaste øya, vart brukt som motiv på eit frimerke i 2007. 
 
Haramsnytt er lokalavis for kommunane Haram og Sandøy og kom første gong ut i 1971. Avisa har hovudkontor i Brattvåg, kjem ut to gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
 
I Sandøy tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1896. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
 
Hans Endre Sæterøy (H) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 12, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017