Faktaboks

Administrasjonssenter
Sauda
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
4 525 (2022)
Landareal
508 km²
Høgaste fjell
Kyrkjenuten (1602 moh.)
Innbyggjarnamn
saudabu
Målform
nynorsk

Kommunevåpenet til Sauda har en sølv vertikal trillingstreng med bredtannet snitt mot en blå bakgrunn.

Kart: Sauda kommune i Rogaland
Sauda kommune i Rogaland fylke.
Kart: Sauda kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sauda er ein kommune i Rogaland fylke, lengst nord i Ryfylke. Kommunen omfattar områda omkring Saudafjorden, Boknafjorden si nordlegaste arm, og fjelltraktene nordover til fylkesgrensa mot Vestland fylke (tidlegare Hordaland).

Sauda grensar mot kommunane Etne i vest og nordvest og Ullensvang i nord og nordaust, begge i Vestland. Elles grensar Sauda til Suldal i søraust og sør.

Sauda vart oppretta som kommune ved utskiljing frå Suldal i 1842. Kommunen har sidan hatt uendra grenser.

Natur

Sauda sett frå fjorden
Sauda sett frå fjorden
Sauda sett frå fjorden

Landskapet i Sauda er svært berglendt. Dei høgaste partia i kommunen består av skyvedekke, opphavleg av grunnfjellsalder, men sterkt omdanna og skove søraustover i kaledonsk tid. Desse skyvedekka består av harde bergartar, mellom anna glimmergneis, og dannar grunnen i dei høgaste fjellpartia i nord, til dømes i det høgaste fjellet til kommunen, Kyrkjenuten (1602 meter over havet), nær grensa til Odda i Vestland.

Under skyvedekka finn ein grunnfjellsgranitt i søraustre del av kommunen, søraust for Storelva sitt dalføre (sjå Saudavassdraget). I overgangen mellom grunnfjellet og skyvedekka er det enkelte stader omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt og glimmerskifer) som er bevart i smale striper mellom skyvedekka og grunnfjellet, til dømes nedst i Storelva sitt djupt nedskorne dalføre, og dessutan i Åbødalen, som går rett nordover frå fjordbotnen. I desse dalføra, og dessutan i to mindre dalføre nordvest for den indre delen av Saudafjorden, finn ein dei viktigaste lausavsetjingane, og dermed det meste av dyrkingsjorda.

Det meste av kommunen har avløp til Saudavassdraget (Storelva), som munnar ut i Sauda tettstad inst i Saudafjorden.

Klima

Kaldaste månader er januar og februar, begge med normal på –0,2 °C, og varmaste månad er juli med normal på 15,6 °C. Mest nedbør er det i desember, med normal på 300,3 millimeter, og minst er det i mai, med normal på 104,3 millimeter. Målingane er gjorde ved Sauda målestasjon.

Busetjing

Befolkninga er i dominerande grad konsentrert til nedre del av Storelva sitt dalføre med kommunens einaste tettstad, kommunesenteret Sauda (4254 innbyggjarar, inkludert den tilstøytande tettgrenda Saudasjøen, i 2016). Dette gir kommunen ein tettstadssandel på 90 prosent dette året, mot 88 prosent for fylket samla sett.

Elles er det noko busetjing i Åbødalen, som går nordover frå kommunesenteret, i Svandalen vestover frå Saudasjøen og i Hellandsbygd i Hellandsdalen, rundt 15 kilometer nordaust for kommunesenteret. Strendene langs Saudafjorden er berre sparsamt busett.

Befolkningsutviklinga i kommunen speglar i stor grad sysselsetjinga ved hjørnesteinsbedrifta, Sauda Smelteverk (Eramet Norway). Folketalet viste frå først på 1960-talet stort sett tilbakegang fram til 2007. I perioden 1961–2007 minka folketalet i Sauda med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg. Sidan har folketalet vore stabilt. I tiårsperioden 2007–2017 viste det ein vekst på gjennomsnittleg knapt 0,1 prosent årleg, mot ein vekst på 1,1 i Ryfylke samla (Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda) og 1,6 prosent årleg i Rogaland.

Sauda fekk bystatus ved kommunalt eigenvedtak i 1999.

Kart over Sauda kommune
Kart over Sauda kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Næringslivet blir dominert av industri, som samla har 18 prosent av arbeidsplassane til kommunen, 35 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2016). Eramet Norway (tidlegare Elkem) er hjørnesteinsbedrift. Den produserar ferrolegeringar til stålindustrien, det meste til eksport. Sauda smelteverk vart starta i 1923 og baserer verksemda si på krafta i Saudavassdraget.

Av dei tilsette i industrien har 48 prosent arbeid i primær jern- og metallindustri, det vil seie i Eramet Norway (2015). Elles har verkstadsindustrien 29 prosent av dei sysselsette i industrien, og er særleg retta mot petroleumsverksemda i Nordsjøen. Resten av industrien består av bransjane gummi-, plast- og mineralsk industri og næringsmiddelindustri med høvesvis 15 og 7 prosent av dei sysselsette i industrien (2015).

Sauda er blant dei 20 største kraftkommunane i landet og har per 2016 i alt tolv kraftverk med ein samla maskininstallasjon på 372 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1874 gigawattimar (GWh). Sønnå H kraftverk (i drift frå 2008) er det største enkeltverket og har åleine 55 prosent av den årlege kraftproduksjonen til kommunen. Dette verket har òg størst fallhøgd med 550 meter. Andre kraftverk med betydeleg produksjon er Sønnå L kraftverk (2008), Storlivatn kraftverk (1967) og Dalvatn kraftverk (1978).

Sauda er handels- og servicesenter for Indre Ryfylke og ein viktig reiselivskommune. Næringane overnattings-/serveringsverksemd og varehandel har til saman elleve prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016).

Samferdsel

Einaste veg gjennom kommunen er fylkesveg 520. Den går langs Saudafjordens vestside, gjennom administrasjonssenteret og vidare langs Storelva gjennom Hellandsbygd og over fjellet til E134 i Røldal i Ullensvang. Vegen er vinterstengd over fjellet. Frå fylkesveg 520 i Sauda by går fylkesveg 4730 sørover på austsida av Saudafjorden til Tengesdal ved Hylsfjorden i Suldal kommune.

Sauda har hurtigbåtsamband med Stavanger.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sauda rådhus
Sauda rådhus, teikna av Gustav Helland, oppført 1939.

Sauda har vidaregåande skule med ulike studieretningar. Her er idrettshall med svømmebasseng. I Sauda vert gatene og fleire offentlege anlegg varma opp ved hjelp av fjernvarme frå smelteverket.

Sauda høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Ryfylke regionråd saman med Sandnes, Hjelmeland, Strand og Suldal.

Sauda kommune svarer til soknet Sauda i Ryfylke prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sauda til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sauda

For statistiske formål er Sauda kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 22 grunnkrinsar:

  • Saudasjøen: Svandal, Hustveit/Honganvik, Veka/Fredheim, Saudasjøen, Risvold/Nes, Fosstveit/Amdalsrød
  • Fløgstad: Saunes, Fløgstad, Hølland, Espeland/Bakka
  • Åbø: Åbødalen, Åbø, Åbøbyen-øvre, Åbøbyen-nedre
  • Austarheim: Brekke, Teig/Gunnarsrød, Herheim/Austarheim
  • Birkeland: Hellandsbygd, Løyning/Fiveland, Birkeland, Søndenå, Maldal/Molla

Historikk og kultur

Skulpturer i Åbøbyen.
Skulpturer i Åbøbyen.
Skulpturer i Åbøbyen.
Sauda 1923
Sauda i 1923. Sauda Smelteverk åpna i 1913.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Almannjuvet, Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Sauda.
Almannjuvet, Nasjonal turistveg Ryfylke gjennom Sauda.

Frå 1881 til 1899 var det drift i sinkgruvene ved Allmannajuvet nordaust for Sauda sentrum, der det vart funne sink, jern og kobbar. I dag utgjer gruveanlegget ein del av Statens vegvesen si satsing på utviklinga av Nasjonale turistvegar. Anlegget er utvikla i samarbeid mellom Statens vegvesen og den verdskjende sveitsiske arkitekten Peter Zumthor, og skal formidle Sauda si gruvehistorie og gjere dei gamle gruvene meir attraktive og tilgjengelege for besøkjande.

Ryfylkemuseet har tre avdelingar i Sauda, mellom anna Industriarbeidermuseet, avdeling av Ryfylkemuseet, som viser kåra til arbeidarfamiliane i dette området. Åbøbyen, del av Sauda tettstad, har unik arkitektur frå 1920-åra. Det er bygdetun på garden Tveit ved Saudasjøen. Jonegarden på Hustveit, på vestsida av Saudafjorden, nær grensa til Suldal, er ein gammal museumsgard. Ved Kvednafossen er det gamle vasskraftanlegget med kvern, korntørke og sag restaurert.

Rogalands største alpinsenter ligg i Svandalen ovanfor Saudasjøen. Vinterturismen er godt utbygd òg i Slettedalen og i fjellet med fleire turisthytter.

Sauda kyrkje er ein langkyrkje i tømmer, bygd 1866, teikna av slottsarkitekten Hans Ditlev F. Linstow.

Forfattaren Kjartan Fløgstad er frå Sauda, og handlinga i fleire av bøkene hans er lagd til den oppdikta industristaden Lovra, ein stad som minner mykje om Sauda.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1976) har ein vertikal trillingstreng i sølv med breitanna snitt mot ein blå bakgrunn. Dette skal illustrerer vasskraft.

Namnet

Namnet på kommunen, som på 1800-talet vart skriven Søvde, seinare Saude, har namn etter garden Saua i Saudasjøen. Gardsnamnet kjem av norrønt sauðr, som berre er kjent frå stadnamn. Dette har samanheng med sjóða, 'syde, koke' om ei elv, i dette tilfellet elva som renn forbi garden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aurenes, Ola, red.: Sauda herad 1837–1937, 1937
  • Lillehammer, Arnvid: Soga om Sauda, 1973-, 4 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg