Hopp til innhold
Sauda kommune sitt kommunevåpen.
Sauda kommune sitt kommunevåpen.
X
Innhald

Sauda kommune, Rogaland

Forfattaren Kjartan Fløgstad er frå Sauda, og handlinga i fleire av bøkene hans er lagd til den oppdikta industristaden Lovra, ein stad som minner mykje om Sauda.

Sauda kommune, 510 km2, ligg i Rogaland, har om lag 4700 innbyggjarar og grensar i sør til Suldal, i vest til Etne i Hordaland, i nord og aust til Odda i Hordaland.

Sauda vart skild ut frå Suldal i 1842, og etter det har grensene vore uendra.

Kommunen er den nordlegaste i Rogaland. Saudafjorden er ein arm av Boknafjorden, og kommunen ligg rundt denne fjordarmen. Inst i Saudafjorden ligg administrasjonssenteret Sauda, og her bur rundt 90 % av innbyggjarane i kommunen. Landskapet i kommunen er prega av heiar og avrunda fjell. Det høgaste punktet i kommunen er Kyrkjenuten, 1602 moh.

Den viktigaste næringa i Sauda er jern- og metallindustri. Sauda smelteverk tok til med drift i 1923 og produserer ferromangan, hovudsakleg for eksport. Verket har sidan 1999 vore ått av det franske selskapet Eramet. Her er litt jordbruk. Kommunen har fem kraftverk, med ein samla årsproduksjon på 1078 GWh.

Sauda Smelteverket foto med løyve frå Ryfylkemuseet.jpg?w=600

Smelteverket i Sauda. Foto brukt med løyve frå Ryfylkemuseet.

Frå 1881 til 1899 var det drift i sinkgruvene ved Allmannajuvet nordaust for Sauda sentrum, og om sommaren er det omvising i gruvene. Ryfylkemuseet har tre avdelingar i Sauda, Industriarbeidarmuseet med bustadområdet Åbø-byen, ei stølsbu i Slettedaelen og Hustveit, eit gardstun frå 1800-talet. I Svandalen ligg det største alpinanlegget på Sør-Vestlandet. I fjellområda er det fleire turisthytter og godt tilrettelagde turstiar.

Ryfylke er lokalavis for Sauda og kom med det første nummeret i 1926. Avisa kjem ut to gonger kvar veke, har hovudkontor i Sauda og er redigert på nynorsk.

I Sauda tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1931, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1932. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 90 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Asbjørn Birkeland (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017