Hopp til innhold
X
Innhald

Sauherad kommune, Telemark

Sauherad kommune er den største fruktkommunen i Telemark, med 80 prosent av fruktarealet i fylket.

Sauherad kommune, 321 km2, ligg i Telemark, har om lag 4300 innbyggjarar og grensar i aust til Kongsberg i Buskerud, i aust og sør til Skien, i sør til Nome, i vest til Bø og i nord til Notodden.
Sauherad. Foto: Elisabeth Heidenstrøm CC BY SA 3.0
Sauherad. Foto: Elisabeth Heidenstrøm CC BY SA 3.0

I 1903 vart eit mindre område overført til Gjerpen (som var slått saman med Skien i 1964), og i 1914 vart eit mindre område overført til Bø. Kommunen heitte tidlegare Saude.


Busetnaden i kommunen ligg i all hovudsak ved dei to innsjøane Heddalsvatnet i nord og Norsjø i sør, og ved vassdraget mellom desse to sjøane. Det er fire mindre tettstader i kommunen: Gvarv, Hjukse, Nordagutu og administrasjonssenteret Akkerhaugen. Landskapet rundt dalføra er prega av skogkledde åsar, men heilt aust i kommunen stikk nokre toppar over skoggrensa. Det høgaste punktet i kommunen er Vardefjell, 814 moh.
Jordbruk og skogbruk er viktige næringar. Innanfor jordbruket dominerer fruktdyrking og dyrking av korn. Særleg er epledyrking ei stor næring og sidan 2005 har det vore arrangert Norsk Eplefest på Gvarv. Gvarv er også staden for Kartfestivalen, ein festival med vekt på pop- og rockemusikk.
Her er litt verkstad- og trevareindustri. Nær 60 prosent av dei yrkesaktive i kommunen arbeider i andre kommunar, først og fremst Notodden og Bø.
Ved Evju Bygdetun er det samla hus frå 1700- og 1800-talet. Her har òg det årlege Evjuspelet vore framført sidan 2007. Begge kyrkjene i kommunen, Nes kyrkje og Sauherad kyrkje, er steinkyrkjer frå 1100-talet.
Den mest lesne avisa i kommunen er Varden. Avisa har hovudkontor i Skien, kjem ut alle kvardagar og dekkjer heile fylket. Avisa kom med det første nummeret i 1874 og vert redigert på bokmål. Sidan 1948 har Varden kvar veke hatt tillegget Telemark Tidend, der alle artiklane er på nynorsk.
I Sauherad tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1910. Nes kyrkje nyttar nynorsk liturgi. Kommunen har ikkje gjort vedtak om tenestemål, og er altså språkleg nøytral. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 3 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk. I 2009/2010 var det 28 prosent. I Gvarv finn vi også Sagavoll Folkehøgskule.


Mette Haugholt (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 18.03.2011]Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Sauherad kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=0822 [lesedato 18.03.2011]
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 28.02.2011]
Nettstaden til Sauherad kommune, http://www.sauherad.kommune.no/ [lesedato 18.03.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Telemark fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=8&sok= [lesedato 18.03.2011]
www.kartfestivalen.no [lesedato 29.09.2014]

Først publisert: 18.03.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017