Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Sel viser Prillarguri, ei kvinne som bles i lur for å varsle at den skotske hæren kom til Kringen i 1612.
Kommunevåpenet i Sel viser Prillarguri, ei kvinne som bles i lur for å varsle at den skotske hæren kom til Kringen i 1612.
X
Innhald

Sel kommune, Oppland

I Heidal i Sel kommune er der rundt hundre freda hus frå mellomalderen.

Sel kommune, 905 km2, ligg i Oppland, har om lag 6000 innbyggjarar og grensar i aust til Sør-Fron, i sør og aust til Nord-Fron, i vest til Vågå, i nord til Dovre og til Folldal i Hedmark.
Kommunen vart oppretta i 1908, då han vart skild ut frå Vågå kommune. I 1965 vart kommunen slått saman med Heidal og med mindre delar av Vågå og Nord-Fron, til ein ny kommune som òg fekk namnet Sel.
Delar av Gudbrandsdalen går gjennom kommunen, og det meste av busetnaden ligg i og ved denne dalen. Heidal, som tek av nordvestover frå hovuddalføret, har òg jamt bra med busetnad, og her ligg tettstaden Bjølstadmo. Dei andre tettstadene i kommunen, Sjoa, Sel og administrasjonssenteret Otta, ligg i Gudbrandsdalen. Otta har hatt bystatus sidan 2000. Både i vest og aust er det fjellområde. I aust går kommunen inn i Rondane nasjonalpark, og her ligg det høgaste punktet i kommunen, Storronden, 2138 moh.
galleri
Det er ein del industri i kommunen, mellom anna trevareindustri, steinindustri, næringsmiddelindustri og grafisk industri. Innanfor jordbruket dominerer husdyrhald.
Sinclairstøtta sør for Otta er reist til minne om slaget mot skottehæren i 1612. På Sel ligg Jørundgard, som vart bygd i samband med filmatiseringa av Kristin Lavransdatter i 1995, og som i dag er ope for publikum. I Uldalen ligg dei særmerkte sandformasjonane Kvitskriuprestan. Den årlege Dansefestivalen på Sel er den største i landet. Rondane nasjonalpark vart oppretta i 1962, og er den eldste i landet. På Mysuseter og Høvringen, som begge grensar til Rondane nasjonalpark, er det store hyttefelt og fleire hotell.
Den mest lesne avisa i kommunen er Gudbrandsdølen Dagningen, som vert redigert frå Lillehammer. Avisa kom med det første nummeret i 1997, etter at dei tre avisene Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen slo seg saman. Avisa dekkjer heile Gudbrandsdalen og kjem ut seks dagar i veka. Ho er redigert på bokmål, men har òg stoff på nynorsk.
I kommunen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1933 (Heidal). Språket i gudstenestene er bokmål. Sel har ikkje gjort vedtak om tenestemål og er altså språkleg nøytral. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 35 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk. Det er halvert sidan 2009/2010.
Dag Erik Pryhn (Ap) har vore ordførar sidan 2003.
Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store norske leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 28.02.2011]
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 28.02.2011]
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Sel kommune,
http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=0517 [lesedato 28.02.2011]
Nettstaden til Sel kommune, http://www.sel.kommune.no [lesedato 28.02.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Oppland fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=5&sok= [lesedato 28.02.2011]

Først publisert: 28.02.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017