Hopp til innhold

Selje kommune, Sogn og Fjordane

På øya Selja i Selje kommune vart det tidleg på 1100-talet etablert eit benediktinarkloster, som var det første bispesetet på Vestlandet.

Selje kommune, 226 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2900 innbyggjarar og grensar i sør til Vågsøy og i aust til Vanylven og Sande, som begge ligg i Møre og Romsdal.

I 1910 vart dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje. I 1964 vart delar av kommunen overførte til Vågsøy.

Selje er den nordvestlegaste kommunen i Sogn og Fjordane. Det meste av kommunen ligg på halvøya Stadlandet, men øyane i Sildegapet høyrer òg med til kommunen. Stadlandet går i nordvestleg retning og stig gradvis opp mot eit fjellplatå på rundt 500 moh. Havet utanfor Stadlandet er ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten, og i vikingtida drog dei båtane over land ved Dragseidet. Heilt sidan 1870-åra har det vore snakka om å lage ein skipstunnel gjennom halvøya. Der er tre tettstader i kommunen, Flatraket, Leikanger, og administrasjonssenteret Selje. Det høgaste punktet i kommunen er Kvamfjellet, 775 moh.

galleri


Fiske og jordbruk har lenge vore viktige næringar i Selje. Tidlegare var fiske ei attåtnæring for jordbrukarar, men i dag er det meir vanleg å drive med heilårsfiske. Selje er den tredje viktigaste fiskekommunen i fylket, og her er mykje fiskeoppdrett. Innanfor industrien er verkstadindustri, næringsmiddelindustri og tekstilindustri dei viktigaste greinene. Saga Boats er ein av dei største lystbåtprodusentane i landet. Reiseliv er òg viktig for kommunen, i Selje er det ei stor småbåthamn og spa-hotellet Selje Hotel.


Klosteret på øya Selja vart bygd på 1100-talet og var vigd til St. Albanus og St. Sunniva. Klosterrruinane, mellom anna eit fjorten meter høgt tårn, er berre tilgjengelege med båt. På toppen av Dragseidet står ein stor steinkross til minne om då Olav Tryggvason i 997 kristna menn frå fylket. Ved Ervik ligg ein gammal kyrkjegard, der det mellom anna er ein minnestein over dei 43 som omkom då hurtigruteskipet St. Svithun forliste i 1943.

Sjå video frå NRK Skole om St.Sunniva på Selja kloster:


Fjordenes Tidende er lokalavis for Bremanger, Eid, Selje og Vågsøy og kom med det første nummeret i 1909. Avisa har hovudkontor i Måløy, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på bokmål.


I Selje tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1913. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1938, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1929. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.


Stein Robert Osdal (KrF) har vore ordførar sidan 2015.


Stadhavet er ein av dei mest verharde strekningane langs kysten. Sjå Hurtigruten M/S Trollfjord passere over Stadhavet i full storm:

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017