Hopp til innhold

Seljord kommune, Telemark

Dyrsku’n i Seljord er eit fesjå som første gong vart arrangert i 1866, og som i dag er det største fesjået i landet med rundt 80 000 besøkjande kvart år.

Seljord kommune, 715 km2, ligg i Telemark, har om lag 2900 innbyggjarar og grensar i sør til Kviteseid, i vest til Tokke og Vinje, i nord til Tinn og Hjartdal og i aust til Notodden og Bø.

I 1873 vart eit mindre område overført frå Kviteseid, og i 1883 vart eit mindre område overført til Bø. Etter det har grensene vore uendra.

Seljord ligg sentralt i Telemark. Gjennom kommunen går fleire dalføre, og tre av dei møtest i administrasjonssenteret Seljord, som ligg ved vestbreidda av Seljordsvatnet. Det meste av busetnaden i kommunen ligg i og ved administrasjonssenteret Seljord, men der er spreidd busetnad i det meste av kommunen, mellom anna i fjelldalen Åmotsdal. Lengst nord i kommunen ligg Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Brattefjell er det høgaste fjellet i kommunen, 1541 moh.

galleri

Tidlegare var dei viktigaste næringane i kommunen jordbruk og skogbruk, og tilhøva for jordbruk vart betra då vassnivået i Faltsjø ytst i Flatdal vart senka. Seljord er i dag eit handelssenter for området. Dei viktigaste industriverksemdene kan knytast til skogdrift, her finst både trevare- og møbelindustri, men òg næringsmiddel- og verkstadindustri.

Utanfor Seljord kyrkje står eit monument over presten og salmediktaren M.B. Landstad, laga av Anne Grimdalen. Countryfestivalen i Seljord er den største i landet og vart første gong arrangert i 1999. Kvar sommar er det Seljordspel, med skodespel, musikk og dans. Granvin kulturhus i Seljord er regionalt kulturhus for Vest-Telemark. Der er to museum i kommunen: Eva Bull Holtes Museum viser mange av bileta til denne kunstnaren, medan det meir kuriøse Sjøormmuseet fortel om tradisjonane som hevdar at der er ein sjøorm i Seljordsvatnet.

Vest-Telemark Blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Seljord. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Seljord tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1902. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1914, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 89 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Halfdan Haugan (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006

http://www.seljord.kommune.no

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no


Sist oppdatert: 18.12.2017