Hopp til innhold

Sirdal kommune, Vest-Agder

Tonstad kraftstasjon i Sirdal er den kraftstasjonen i landet som produserer mest straum.

Sirdal kommune, 1555 km2, ligg i Vest-Agder, har om lag 1800 innbyggjarar og grensar i sør til Flekkefjord, i vest til Eigersund, Bjerkreim, Gjesdal og Forsand i Rogaland, i nord til Bykle i Aust-Agder, i aust til Valle og Bygland i Aust-Agder og Kvinesdal i Vest-Agder.
Kommunen vart skild ut frå Bakke i 1849. Eit mindre område vart i 1874 overført frå Fjotland, og i 1903 vart eit anna mindre område overført til Fjotland. I 1905 vart Sirdal delt i to, Tonstad og Øvre Sirdal. I 1960 vart desse to kommunane slått saman med Bakke, og den nye kommunen fekk namnet Sirdal. Eit mindre område vart overført frå Flekkefjord i 1987.
Sirdalen går gjennom heile kommunen, frå nord til sør. Så godt som all busetnad i kommunen ligg i denne dalen, men det er òg noko busetnad i Gyadalen, som går vestover frå administrasjonssenteret Tonstad. På begge sider av Sirdalen er det heiområde. Det høgaste punktet, Urddalsknuten, 1434 moh., ligg heilt nord i kommunen.
Utbygginga av vassdraga Sira og Kvina var ferdig i 1993, og dei sju kraftstasjonane har ein årsproduksjon på 6000 GWh, som utgjer rundt 5 prosent av kraftforbruket i landet. I kommunen er det litt jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald. Her er òg litt industri.
Den mest lesne avisa i kommunen er Agder (Flekkefjords Tidende). Avisa kom med første nummeret sitt alt i 1877 og har hovudkontor i Flekkefjord. Agder kjem ut tre gonger i veka og er redigert på bokmål.
I kommunen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1909 (Øvre Sirdal). Sirdal har ikkje gjort vedtak om tenestemål og er altså språkleg nøytral. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 97 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk.

Thor Jørgen Tjørhom (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store norske leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/mediehus/index.jsf [lesedato 1.11.2010]
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Sirdal kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=1046 [lesedato 1.11.2010]
Nettstaden til Sirdal kommune, http://www.sirdal.kommune.no/ [lesedato 1.11.2010]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Vest-Agder fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=10&sok= [lesedato 1.11.2010]

Først publisert: 12.09.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017