Hopp til innhold

Skodje kommune, Møre og Romsdal

Ved Solnør, garden der Ivar Aasen var huslærar 1835–42, ligg den einaste golfbana med 18 hol mellom Bergen og Trondheim.

Skodje kommune, 120 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 3900 innbyggjarar og grensar i sør til Ørskog, i vest til Ålesund, i nord til Haram og i aust til Vestnes.

Skodje vart skild ut frå Borgund i 1849. I 1902 vart Vatne skild ut som eigen kommune. I 1965 vart Skodje, Ørskog og Stordal slått saman til éin kommune, som fekk namnet Ørskog, men i 1977 vart Skodje igjen skild ut som eigen kommune.

Skodje ligg aust for Ålesund, mellom Storfjorden og Grytafjorden. Delar av kommunen ligg på Oksenøya. Fleire fjordar og vatn deler opp kommunen, som er prega av låge åsar som vert gradvis høgare mot aust. Det høgaste punktet i kommunen er Frostatinden, 807 moh. Der er to tettstader i kommunen, Valle på Oksenøya og administrasjonssenteret Skodje ved Skodjevika.

Kommunen har ein del jordbruk og fiske, men det er industrien som dominerer, med fleire trevare- og møbelfabrikkar. 60 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst i Ålesund.

Straumsbrua vart bygd i 1922 og var då den største steinbrua i Europa, og ho er framleis den største bogebrua i Skandinavia. I 2004 vart det bygd ny bru ved sida av, men Straumsbrua skal bevarast som eit kulturminne og er i dag gang- og sykkelveg.

Skodje Skodjebrua foto Lars Kristian Flem CC BY NC ND 2.jpg?w=600

Skodjebrua. Foto: Lars Kristian Flem CC BY NC ND 2.0


Den største avisa i kommunen er regionavisa Sunnmørsposten, som har hovudkontor i Ålesund. Avisa kom med det første nummeret alt i 1882, kjem ut alle kvardagar og vert redigert på begge målformer.

I Skodje tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1929, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1934. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Dag Olav Tennfjord (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7, 2005


Sist oppdatert: 18.12.2017