Hopp til innhold

Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

På Idrettssenteret i Sogndal ligg ”The Wall”, ein 750 m2 stor klatrevegg som vert rekna for å vera den beste innandørs klatreveggen i landet.

Sogndal kommune, 746 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 6900 innbyggjarar og grensar i sør til Lærdal, i vest til Vik og Leikanger, i nord til Balestrand og Jølster og i aust til Luster.

I 1964 vart eit mindre område overført frå Leikanger. Fjærland vart i 2000 skild ut frå Balestrand og lagd til Sogndal.

Kommunen omfattar områda rundt Sogndalsfjorden, Fjærlandsfjorden og Amlabukti på nordsida av Sognefjorden. Dei tre tettstadene i kommunen er Fjærland, Kaupanger og administrasjonssenteret Sogndal. Det høgaste punktet i kommunen er Grensevarden på Jostedalsbreen, 1740 moh.

I 1975 opna Sogn og Fjordane distriktshøgskule i Sogndal. Skulen er no ei avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane og har rundt 300 tilsette og 2000 studentar. Både denne skulen og den vidaregåande skulen held til ved kunnskapssenteret Fosshaugane Campus. I Kaupanger ligg hovudkontoret til Lerum, som er ein av dei største produsentane av saft og syltetøy i landet. Nortura Sogndal produserer spekemat og pinnekjøt. Her er litt jordbruk i kommunen, med vekt på husdyrhald. Dei to kraftverka i kommunen har ein samla produksjon på nær 100 MW.

Sogndal er ei av dei viktigaste fruktbygdene i fylket, og mykje av frukta går til Lerum. Det er litt jordbruk i kommunen, med vekt på husdyrhald.

galleri

I Fjærland ligg Norsk Bremuseum, teikna av Sverre Fehn. Museet opna i 1991 og formidlar kunnskap om brear og klima. Fire år seinare opna Den norske bokbyen i Fjærland, som har rundt 250 000 bøker til sals i eit tital utsal. Frå Fjærland går det ruter over breen til Lunde i Jølster, og Fjærland er òg vanlegaste endestasjon for skituren Jostedalsbreen på langs. Kaupanger stavkyrkje er frå år 1200. De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum er eit av dei eldste og største folkemusea i landet og har rundt 40 bygningar frå mellomalderen fram til i dag. Sidan januar 2009 har museet vore ein del av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Ved Stedje kyrkje i Sogndal står det ein runestein frå 1100-talet.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Sogndal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919 (Mundal i Fjærland), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jarle Aarvoll (Ap) har vore ordførar sidan 2007.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017