Hopp til innhold
X
Innhald

Sola kommune, Rogaland

Stavanger Lufthavn, Sola opna i 1937 og var då den første sivile flyplassen i Noreg.
Sola kommune, 69 km2, ligg i Rogaland, har om lag 22 800 innbyggjarar og grensar i nord til Stavanger og Randaberg, i aust til Sandnes og i sør til Klepp.
I 1930 vart Håland kommune delt i to nye kommunar, Madla og Sola, og grensene for Sola kommune har vore uendra sidan.
Kommunen ligg heilt nord på Jæren og inkluderer òg nokre øyar utanfor kysten. Landskapet er flatt, og det høgaste punktet i kommunen, Kjerrberget, er ikkje høgare enn 101 moh. Grensa mot Stavanger går i Hafrsfjorden, og administrasjonssenteret Sola ligg lengst inne i denne fjorden. Den andre tettstaden, Tananger, ligg i nordvest, og det er i tillegg spreidd busetnad over heile kommunen. Den einaste øya med fast busetnad er Rott.
Frå Sola går det flyruter både til inn- og utland, og helikoptertrafikk til plattformer i Nordsjøen. Det meste av industrien er knytt til oljeproduksjon. Her er mykje jordbruk, med vekt på husdyrhald og grønsakproduksjon. Rundt 60 prosent av dei yrkesaktive har arbeidet sitt i andre kommunar, først og fremst Stavanger og Sandnes.
Det er mange fornminne i kommunen, og ved Rege ligg sju gravhaugar frå bronsealderen. På Ytreberg står ein stein til minne om slaget ved Hafrsfjord, der Harald Hårfagre etter tradisjonen samla Noreg til eitt rike i 872. Ved Sola ruinkyrkje er det eit monument til minne om vikinghovdingen Erling Skjalgsson, som budde på Sola. Ved Tjora står steinkrossar frå rundt 1150. Flyhistorisk museum på Sola har meir enn 30 historiske fly og tek òg vare på gjenstandar som kan knytast til fly- og luftfartshistoria. Kystkultursamlingen i Tananger viser korleis folk levde i området frå 1800-talet og framover.
Den mest lesne avisa i kommunen er Stavanger Aftenblad, som kom med det første nummeret i 1893. Avisa har hovudkontor i Stavanger, kjem ut alle kvardagar og er redigert på bokmål.
I kommunen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908. Kyrkjene i Sola kommune nyttar alle bokmålsliturgien. Sola har ikkje gjort vedtak om tenestemål og er altså språkleg nøytral. Kommunen har elleve grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 8 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk. Dette har vorte nesten halvert sidan milleniumsskiftet.
Ole Ueland (H) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo1999
Store Norske Leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 18.03.2011] 
 Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Sola kommune 
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 18.03.2011] 
Nettstaden til Sola kommune, http://www.sola.kommune.no/ [lesedato 18.03.2011] 
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Rogaland fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=11&sok= [lesedato 18.03.2011] 

Først publisert: 18.03.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017