Hopp til innhold

Solund kommune, Sogn og Fjordane

Holmebåen, sørvest for Utvær fyr i Solund kommune, er det vestlegaste punktet i Noreg.

Solund kommune, 229 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 870 innbyggjarar og grensar i nord til Askvoll og Fjaler, i aust til Hyllestad, i aust og sør til Gulen og i sør til Fedje i Hordaland.

I 1858 vart kommunen skild ut frå Gulen kommune, som då heitte Evenvik. I 1888 vart to mindre område overførte til kommunen, eitt frå Hyllestad og eitt frå Askvoll. I 1964 vart det meste av Solund slått saman med Brekke, og eit mindre område av Gulen. I 1890 skifta kommunen namn frå Utvær til Solen, før kommunen i 1923 fekk sitt noverande namn.

Solund er ein øykommune lengst sørvest i Sogn og Fjordane. Dei mange øyane ligg på nordsida av Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden. Den største øya i kommunen er Sula, som utgjer halve kommunen. Rundt 80 % av innbyggjarane i kommunen bur på Sula og Ytre Sula, men mange av dei mindre øyane er òg busette. Det går ferje frå Rutledalen i Gulen til Krakhella på Sula. Det høgaste punktet i kommunen er Krakhellenipa, 569 moh.

Solund Gåsvær foto Steinar Bauge Kjelde Sogn og Fjordane Fylkeskommune CC BY SA 3.jpg?w=600

Gåsvær i Solund. Foto: Steinar Bauge. Kjelde: Sogn og Fjordane Fylkeskommune CC BY SA 3.0

Fiske er den dominerande næringa i Solund. Her er litt jordbruk, og litt industri, som i hovudsak driv med bygging og reparasjon av båtar.

Avisa Firda vert redigert frå Førde, men dekkjer alle kommunane i Sunnfjord og er den mest lesne avisa i Solund. Avisa vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

I Solund tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1934, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Gunn Åmdal Mongsta (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 10, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017