Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Sør-Aurdal viser eit relikvieskrin i gull på blå bakgrunn, som symbol på eit skrin i Hedalen stavkyrkje.
Kommunevåpenet i Sør-Aurdal viser eit relikvieskrin i gull på blå bakgrunn, som symbol på eit skrin i Hedalen stavkyrkje.
X
Innhald

Sør-Aurdal kommune

Sør-Aurdal i Oppland er den sørlegaste kommunen i Valdres og var heimstaden til den folkekjære forfattaren Mikkjel Fønhus, som gjennom bøkene sine skildra naturen og livet her.

Sør-Aurdal kommune, 1109 km2, ligg i Oppland fylke og har om lag 3200 innbyggjarar. I nord grenser kommunen til Nord-Aurdal og Etnedal, i nordaust til Nordre Land, i aust til Søndre Land, i sør til Ringerike og Flå og i vest til Nes og Gol.

Sør-Aurdal blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1984, då Makalausfjellet blei overført til Nord-Aurdal. Administrasjonssenteret er Bagn. Andre bygder er Reinli, Leirskogen, Begnadalen og Hedalen.

Kommunen ligg heilt sør i Valdres, med dalføra Begnadalen og Hedalen. Kupert skogsterreng med elvar og innsjøar pregar naturen. Begna, som er hovudelva i Begnavassdraget, renn gjennom kommunen. Begnavassdraget er eit delvassdrag til Drammensvassdraget, som er det tredje største i Noreg. Den største innsjøen i Sør-Aurdal er Aurdalsfjorden, og det høgaste fjell er Ørneflag, 1243 moh. I kommunen ligg òg delar av Vassfaret/Vidalen landskapsvernområde og Indre Vassfaret landskapsvernområde.

Offentleg sektor står for mange arbeidsplassar i kommunen, i tillegg til varehandel og jord- og skogbruk. Her finst òg noko industri, med Begna bruk som den viktigaste arbeidsgivaren, i tillegg til turisme.

Kommunevåpenet til Sør-Aurdal har bilete av eit relikvieskrin i gull mot blå bakgrunn. Det viser til den rike kulturarven i området. Skrinet er frå Hedalen stavkyrkje, som er den eine av to stavkyrkjer i kommunen. Den andre ligg i Reinli. Bagn bygdesamling og Bautahaugen Samlinger er to friluftsmuseum, som formidlar historia om liv og virke i eldre tider i kommunen. Den folkekjære forfattaren Mikkjel Fønhus kom frå Sør-Aurdal. Han skildra naturen og livet i området i dei mange bøkene sine.

SØR AURDAL Garthus Skydsstation ukjend datering Foto Axel Lindahl NOrsk Folkemuseum CC BY SA 4.jpg?w=600

Garthus Skydsstation i Sør-Aurdal. Ukjend datering. Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum. Biletet er falle i det fri.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut fire dagar i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk.

I Sør-Aurdal har om lag 50 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Kåre Helland (Sp) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Sør-Aurdal kommune 1837–1987. Sør-Aurdal kommune 1987

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 23.7.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 23.7.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 23.7.2015]

Nettstaden til Sør-Aurdal kommune: http://www.sor-aurdal.kommune.no [lesedato 23.7.2015]

Språkfakta 2010, http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 23.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Sør-Aurdal kommune: http://www.sor-aurdal.kommune.no

Først publisert: 10.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017