Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Sør-Fron viser ei klubbe i sølv mot grøn bakgrunn.
Kommunevåpenet i Sør-Fron viser ei klubbe i sølv mot grøn bakgrunn.
X
Innhald

Sør-Fron kommune

I Sør-Fron kommune midt i Gudbrandsdalen ligg garden Hundorp, som på 1000-talet skal ha høyrt til den mektige hovdingen Dale-Gudbrand. Garden blei vald til tusenårsstad for både Sør-Fron kommune og Oppland fylke.

Sør-Fron kommune, 742 km2, ligg i Oppland fylke og har om lag 3200 innbyggjarar. I nord grensar kommunen til Sel, Folldal og Stor-Elvdal, i aust til Ringebu, i sør til Gausdal, i sørvest til Øystre Slidre og i nordvest til Nord-Fron.

Sør-Fron blei eigen kommune i 1851 ved delinga av Fron kommune til Nord-Fron og Sør-Fron. Desse to kommunane blei slått saman igjen i 1966, men delte på nytt i 1977. Administrasjonssenteret er Hundorp. Andre tettstadar er Harpefoss, Gålå og Espedalen.

Kommunen ligg i midtre del av Gudbrandsdalen, 70 km nord for Lillehammer, og strekkjer seg ut på begge sider av dalen frå Rondane i aust til Valdres i vest. Store delar av arealet ligg meir enn 900 moh., og det høgaste fjellet er Blåkollen, med sine 1580 moh. Gudbrandsdalslågen renn gjennom kommunen, og langs elva er det store våtmarksområde.

galleri

Nær 50 prosent av innbyggjarane i Sør-Fron har arbeid utanfor kommunegrensene. Landbruk er ei viktig næring, med nær 15 prosent av arbeidstakarane. Kommunen har òg noko industri innanfor metallvare-, trevare- og møbelproduksjon, i tillegg til turisme.

Sør-Fron kyrkje, også kalla Gudbrandsdalsdomen, er ei åttekanta steinkyrkje oppført i åra 1786–92. Garden Hundorp nær kommunesenteret skal ha høyrt til den mektige hovdingen Dale-Gudbrand på 1000-talet. Garden ligg midt i eit storhaugsentrum frå jernalderen, opphavleg med fem gravhaugar. Dale-Gudbrand er nemnd i sagaen om Olav den heilage i Heimskringla. Sagaen skildrar eit møte mellom Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand og andre lokale bønder i 1021, som skal ha vore starten på innføringa av kristendomen i Gudbrandsdalen.

Lokalavisa Dølen dekkjer kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Ho kjem ut ein gong i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk. Også Dagsavisa Gudbrandsdølen Dagningen, som kjem ut i Lillehammer, dekkjer nyhende frå Sør-Fron.

I Sør-Fron har om lag 88 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Ole Tvete Muriteigen (Sp) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 4.7.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 5.7.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 4.7.2015]

Nettstaden til Sør-Fron kommune: http://www.sor-fron.kommune.no [lesedato 4.7.2015]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 4.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Sør-Fron kommune: http://www.sor-fron.kommune.no

Først publisert: 09.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017