Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Stad kommune.
Kommunevåpenet til Stad kommune.
X
Innhald

Stad kommune, Vestland

På øya Selja i Stad kommune vart det tidleg på 1100-talet etablert eit kloster, som var det første bispesetet på Vestlandet. Den første skipstunnelen i verda er planlagd gjennom Stadlandet.

Stad kommune, 753 km2, ligg i Vestland fylke, har om lag 9500 innbyggjarar og grensar i sør til Stryn, Gloppen og Bremanger, i vest til Kinn og i nord til Vanylven og Volda i Møre og Romsdal fylke. Kommunen vart danna ved samanslåinga av kommunane Eid, Selje og ein mindre del av Vågsøy i 2020.

Kommunen er den nordvestlegaste i Vestland og strekkjer seg frå halvøya Stadlandet og øyane i Sildegapet i vest og innover langs Nordfjorden. Størstedelen av Hornindalsvatnet høyrer òg til kommunen. Tettstader er administrasjonssenteret Nordfjordeid, Selje, Flakraket, Leikanger, Mogrenda og Bryggja. Det høgaste punktet er Glitregga, 1297 moh.

Jordbruk har lenge vore ei viktig næring, særleg i indre delar av kommunen. Hovudvekta ligg på husdyrhald, og somme driv òg med frukt og bær. Fiskeri står framleis sentralt ved kysten, i nyare tid saman med fiskeoppdrett. Reiseliv er i aukande grad viktig for kommunen, med vekt på opplevingsturisme knytt til natur og kulturhistorie.

Havet utanfor Stadlandet er ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten. Heilt sidan 1870-åra har det kome framlegg om ein skipstunnel gjennom halvøya for å gjere leia tryggare og raskare. I 2013 kom prosjektet med i Nasjonal transportplan.

Benediktinarklosteret på øya Selja vart bygd på 1100-talet og var vigd til St. Albanus og St. Sunniva. Klosterruinane med det fjorten meter høge tårnet er tilgjengeleg med båt. Selja er stopp for Kystpilegrimsleia frå Rogaland til Nidaros, som vart opna i 2018. På toppen av Dragseidet står ein stor steinkross til minne om kristninga i 997.

Selja kloster. Foto (2011): fairyheart, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Selja kloster. Foto (2011): fairyheart, flickr.com. CC BY-SA 2.0.

Nordfjordeid er eit sentrum for fjordhesten, og kvar vår er det fjordhestutstilling her. Opera Nordfjord vart skipa i 1998, med årlege produksjonar i eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar, og i 2009 opna Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid. Malakoff, ein av dei største musikkfestivalane på Vestlandet, har vore arrangert på Nordfjordeid sidan 2003. I 2019 opna Sagastad, eit kunnskapssenter om vikingtida bygd rundt det rekonstruerte Myklebustskipet.

Fjordabladet er den største avisa i kommunen og har hovudkontor på Nordfjordeid. Avisa kom først ut i 1874, då under namnet Fjordenes Blad. Sidan 1920 har ho vore redigert på nynorsk. Fjordenes Tidende, med hovudkontor i Måløy, er den andre lokalavisa som dekkjer kommunen. Ho har kome ut sidan 1909 og har tradisjonelt vore redigert på bokmål, men brukar i dag òg nynorsk. Begge avisene kjem ut tre gonger i veka.

I Eid tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1907, i Selje i 1913. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925 i Eid, og i Selje i 1938. Nynorsk vart tenestespråk i Eid i 1922 og i Selje i 1929. Skuleåret 2019/20 har 99 prosent av elevane nynorsk som opplæringsspråk.

Alfred Bjørlo (V), tidlegare Eid-ordførar 2011–19, har vore ordførar i Stad sidan 2019.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999

 

Eirik Helleve: «Eid kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/eid-kommune-sogn-og-fjordane/23/877/ [lesedato 26.1.2020]

Eirik Helleve: «Selje kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/selje-kommune-sogn-og-fjordane/23/778/ [lesedato 26.1.2020]

Kartverket: «Fakta om Noreg, kartverket.no: https://www.kartverket.no/kunnskap/Fakta-om-Norge/ [lesedato 26.1.2020]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/ [lesedato 26.1.2020]

Visit Nordfjord, nordfjord.no: https://www.nordfjord.no/ [lesedato 26.1.2020]

 

Peikarar

Stad kommune, stad.kommune.no

Sagastad, sagastad.no

Selja kloster, seljakloster.com

Stad skipstunnel, skipstunnel.no

Først publisert: 20.11.2020
Sist oppdatert: 20.11.2020