Hopp til innhold
X
Innhald

Stavanger kommune

Stavanger er oljehovudstaden i Noreg, og eit svært internasjonalt miljø pregar kommunen. Stavanger er òg ein av dei mest folkerike kommunane i landet.

Stavanger kommune, 71,44 km2, ligg i Rogaland fylke og har ca. 132 000 innbyggjarar. Kommunen grensar til Rennesøy i nord, Randaberg i nordvest, Sola i vest og Sandnes i sør. I aust grensar kommunen til Gandsfjorden.

Stavanger blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene kom i 1965, då Madla og delar av Hetland blei innlemma i kommunen. Stavanger er den fjerde største byen i Noreg og utgjer saman med Sandnes, Sola og Randaberg det største byområdet i landet, med til saman over 241 000 innbyggjarar. Stavanger kommune er administrasjonssenteret i Rogaland fylke. Her ligg setet for fylkesmannen, fylkesadministrasjonen, Stavanger tingrett og Stavanger bispedøme.

Som del av kystlandskapet Låg-Jæren er kommunen prega av flate landområde, med myr, sand og stein. Det høgaste fjell er Jåttånuten, 139 moh. Nærleiken til sjø og fjord pregar også klimaet. Stavanger har eit typiske atlanterhavsklima med mykje nedbør og milde og snøfattige vintrar. Om hausten og vinteren er området svært utsett for stormane frå Nordsjøen. Sommartemperaturane ligg over landsgjennomsnittet, noko som gjer dei vakre strendene langs kysten til populære utfartsmål.

Sild, skipsfart og hermetikkindustri gjorde at Stavanger stadfesta posisjonen sin som bysentrum utover 1800-talet. Fram til 1950-åra var Stavanger ein typisk industriby, med nær halvparten av dei yrkesaktive sysselsette i denne næringa. Stavanger er framleis ein av dei viktigaste skipsfartsbyane i landet. Sidan 1960-åra har byen vore sentrum for norsk oljeindustri, og her har mellom anna Statoil, Petoro, Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet hovudkontora sine. Oljenæringa bidrog i fleire tiår til vekst og velstand for kommunen, men i dei siste åra har oljekrisa ført til ei stigande arbeidsløyse. Viktige sysselsetjingssektorar i kommunen er offentleg administrasjon og tenesteyting, med kring 30 prosent av arbeidsplassane. Deretter følgjer finansverksemd og forretningsmessig og anna privat tenesteyting, med over 20 prosent. Oljeutvinning og anna industri har i overkant av 20 prosent av arbeidsplassane (tala er frå 2013). Forus Næringspark ligg på grensa mellom Stavanger, Sola og Sandnes. Det er ein av dei største næringsparkane i landet, der over 40 000 arbeidsplassar er samla.

galleri

Dei siste åra har kommunen satsa aktivt på å utvikle eit rikt kulturliv, og i 2008 var Stavanger europeisk kulturhovudstad. Også matkultur er ein viktig del av denne satsinga. Gastronomisk institutt har hovudkontor i Stavanger, og kvart år blir Gladmatfestivalen, ein av dei største matfestivalane i Skandinavia, arrangert her. Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, er ein av dei største litteraturfestivalane i Noreg. Festivalen blir arrangert kvart år i september.

Blant fleire museum i Stavanger finn vi Norsk Oljemuseum, som dokumenterer historia til norsk olje- og gassverksemd, og som er det einaste petroleumsmuseet i Europa. Stavanger Museum, etablert i 1877, er eit av dei eldste musea i landet og består i dag av fleire institusjonar, mellom anna Stavanger Sjøfartsmuseum, Norsk Barnemuseum, Norsk Grafisk Museum og Norsk Hermetikkmuseum.

Regionavisa Stavanger Aftenblad er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa kjem ut seks dagar i veka og blir redigert på bokmål. Også Rogalands Avis kjem ut i Stavanger.

I Stavanger hadde 0,03 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål i 2014. Men for skuleåret 2014/2015 var det for første gong ikkje ein einaste elev med nynorsk igjen i grunnskulen i kommunen. Administrasjonsspråket i kommunen er bokmål.

Christine Sagen Helgø (H) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999

Gunnar Roalkvam og Kristin Øye Gjerde: Stavanger bys historie. bd. 4: Oljebyen 1965–2010. Stavanger 2012

Marit Tronier Halvorsen: «Slik rammer oljesmellen: – Skal godt gjøres ikke å merke nedturen i dag», dn.no, publisert 1.6.2015: http://www.dn.no/nyheter/naringsliv/2015/06/01/171... [lesedato 24.8.2015]

Ellen Kongsnes: «Slik skal Stavanger få 10 000 nye arbeidsplasser», aftenposten.no, publisert 22.6.2015:http://www.aftenposten.no/okonomi/Slik-skal-Stavan... [lesedato 24.8.2015]

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf[lesedato 17.2.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 17.2.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 17.2.2015]

Nettstaden til Stavanger kommune:http://www.stavanger.kommune.no [lesedato 17.2.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 17.2.2015]

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 11.04.2016