Hopp til innhold

Stord kommune, Hordaland

Stord har hatt bystatus sidan 1997 og er den største byen med nynorsk som administrasjonsspråk.

Stord kommune, 144 km2, ligg i Hordaland og har om lag 17 000 innbyggjarar. Det meste av kommunen ligg på den sørlege delen av øya Stord, der den nordlege delen er Fitjar kommune. Stord grensar elles i nord til Tysnes, i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo. Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1970, då eit lite område ved Valvatnavågen vart overført frå Bømlo.

Heile kommunen har hatt bystatus sidan 1997. Det administrative senteret i kommunen er Leirvik, som ligg søraust på øya. Langsetter øya går det høgdedrag, frå sørvest til nordaust. Store delar av kommunen ligg på austsida av dette høgdedraget, som vernar mot dei verste vindane frå havet. Det høgaste punktet i kommunen er Mehammarsåto, 749 moh.

Leirvik er eit kommunikasjonssenter med hurtigbåtar nordover til Bergen og sørover til Haugesund. Trekantsambandet heilt sør på øya vart opna i 2001 og gjer at bilistar kan køyre ferjefritt på E39 til Haugesund og på bru til Bømlo. Stord lufthamn har daglege avgangar til Gardermoen.

galleri

Fram til den andre verdskrigen var jord- og skogbruk viktigaste næringsvegen, men no arbeider berre 1 % i primærnæringane. Stord er i dag ein industrikommune, og dei største industriverksemdene er Aker Kværner Stord og Aker Kværner Elektro.

Avisa Sunnhordland har hovudkontor i Leirvik og dekkjer i tillegg kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Avisa vart grunnlagd i 1902, vart redigert på nynorsk frå 1919 og kjem ut fem gonger kvar veke.

Sunnhordland folkemuseum har administrasjonen sin i Leirvik. Museet har eigedomar fleire stader i regionen. På Hystadmarka er det tolv gravrøyser, der det har vore gjort funn frå bronsealderen.

I Stord tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1898, nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Skuleåret 2017/18 hadde 99 % av elevane på Stord nynorsk.

Gaute Epland (Ap) har vore ordførar sidan 2017.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 17.12.2017