Hopp til innhold

Stordal kommune, Møre og Romsdal

I Stordal ligg Rosekyrkja, ei særmerkt åttekanta kyrkje frå 1789, som innvendig er dekorert med rosemåling og treskurd.

Stordal kommune, 247 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 980 innbyggjarar og grensar i sør til Stranda og Norddal, i aust til Rauma, i nord til Vestnes og Ørskog og i vest til Sykkylven.

Kommunen vart skild ut frå Stranda i 1892. I 1965 vart Stordal, Ørskog og Skodje slått saman til éin kommune med namnet Ørskog, men frå 1977 vart Stordal igjen eigen kommune.

Storfjorden deler kommunen i to, med den største delen på austsida av fjorden. Frå administrasjonssenteret Stordal går Stordalen austover, og det meste av busetnaden ligg i denne dalen. På begge sider av dalen reiser det seg høge fjell, det høgaste punktet i kommunen er Seljebottinden, 1531 moh.

galleri

Møbelindustrien dominerer i Stordal, og her er fleire store verksemder. Jordbruk er framleis ei viktig næring. Over ein tredel av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar.

Fjellgarden Ytste Skotet, på vestsida av Storfjorden, er teken vare på og vert driven på tradisjonelt vis. Garden er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Stordal gamle kyrkje frå 1789 er dekorert innvendig med særmerkte rosemålingar og treskurd.

I Stordal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk rundt 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1912, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Eva Hove (Ap) har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017