Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Strand viser tre raude vasshjul på raud bakgrunn, som symbol på vasskraft.
Kommunevåpenet i Strand viser tre raude vasshjul på raud bakgrunn, som symbol på vasskraft.
X
Innhald

Strand kommune, Rogaland

Strand er den kommunen i landet som produserer flest juletre.

Strand kommune, 218 km2, ligg i Rogaland, har om lag 11 200 innbyggjarar og grensar i aust til Hjelmeland, i sør til Forsand, i vest til Sandnes, Stavanger og Rennesøy, og i nord til Finnøy.
I 1865 vart Høgsfjord skild ut som eigen kommune. I 1965 vart eit mindre område av Årdal overført til Strand.
Kommunen ligg på begge sider av Idsefjorden og på sørsida av Årdalsfjorden. Det meste av busetnaden ligg langs desse to fjordarmane, og ved dei to vatna Bjøreimsvatnet og Vostervatnet. Der er to tettstader i kommunen, Tau og administrasjonssenteret Jørpeland, som har hatt bystatus sidan 1997. Terrenget stig jamt mot aust, og det høgaste punktet i kommunen, Heiahornet (774 moh.) ligg heilt på grensa mot Hjelmeland.


Det finst ei rekkje industriføretak i kommunen. Dei to største er Fiskå Mølle og Scana Steel. Kommunen har ein del jordbruk, der hovudvekta ligg på husdyrhald og fruktdyrking, og det finst òg noko skogbruk. Dagleg pendlar rundt tusen arbeidstakarar til Stavanger.
Preikestolhytta, heilt sør i kommunen, er det vanlegaste utgangspunktet for fotturar til Preikestolen.
Den mest lesne avisa i kommunen er Strandbuen. Avisa vart etablert i 1963 og har hovudkontor i Jørpeland. Strandbuen kjem ut to gonger i veka og har sidan 1976 vore redigert på begge målformer.
I kommunen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1913. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1942. Strand har ikkje gjort vedtak om tenestemål, og er altså språkleg nøytral. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 54 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk.


Irene Heng Lauvsnes (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 22.03.2011]
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Strand kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=1130 [lesedato 22.03.2011]
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 22.03.2011]
Nettstaden til Strand kommune, http://www.strand.kommune.no [lesedato 22.03.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Rogaland fylke,

Først publisert: 22.03.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017