Hopp til innhold

Stranda kommune, Møre og Romsdal

I Stranda produserer Stabburet Grandiosa-pizzaer, og sidan starten i 1980 har fabrikken produsert over 500 millionar pizzaer. Geiranger er også ein del av Stranda.

Stranda kommune, 866 km2, ligg i Møre og Romsdal, har 4616 innbyggjarar (per 1.1.2014) og grensar i vest til Ørsta, Sykkylven og til Hornindal i Sogn og Fjordane, i nord til Stordal, i aust til Norddal og Skjåk i Oppland, og i sør til Stryn i Sogn og Fjordane.

I 1892 vart Stordal skild ut som eigen kommune. I 1965 vart Sunnylven og Stranda slått saman til éin kommune.

Stranda ligg rundt dei midtre delane av Storfjorden, rundt Sunnylvsfjorden, som strekkjer seg innover til Hellesylt, og rundt fjordarmen Geirangerfjorden, som går inn til Geiranger. Der er to tettstader i kommunen, Hellesylt og administrasjonssenteret Stranda, som ligg på sørsida av Storfjorden. Frå fjorden stig fjella bratt, og 70 % av arealet ligg meir enn 600 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Blåfjellet, 1775 moh.

Sjå video frå NRK Skole: Farlege fjell


Industrien er den dominerande næringa i kommunen, med næringsmiddelindustri som den største greina. Den største verksemda er Stabburet, som frå 1980 har produsert ferdigpizzaen Grandiosa. Den andre store industrigreina er møbelindustri. Utetter på 1900-talet vart ei rekkje møbelverksemder etablerte, og kvar tredje industriarbeidar arbeider med møblar. Her er ein del jordbruk, og ved fjorden er klimaet varmt nok til at det kan dyrkast frukt. I Geiranger, men òg andre stader i kommunen, er reiselivsnæringa viktig.

Stranda Skisenter er det største alpinanlegget på Nordvestlandet. Anlegget har gondolheis og fleire serveringsstader.

Stranda Skisenter har gode forhold for puddersnø. Foto: Sami Uskela, flikr.com CC BY 2.0

Stranda Skisenter har gode forhold for puddersnø. Foto: Sami Uskela, Flickr.com CC BY 2.0

Dei fleste attraksjonane i kommunen ligg i og rundt Geiranger. Den smale Geirangerfjorden vart i 2005 oppført på verdsarvlista til UNESCO. Langs fjorden er det fleire flotte fossefall, mellom anna Dei sju systrene og Friaren, som ligg på kvar si side av fjorden. Storfjordens venner har sidan 1975 gjort mykje for å vedlikehalda kulturlandskapet rundt fjorden. Aust for Geiranger er det bilveg til topps på Dalsnibba, 1476 moh. Vegen nordover frå Geiranger, forbi Ørnesvingen og vidare til Trollstigen i Rauma går under namnet The Golden Route. I Geiranger ligg Norsk Fjordsenter, som opna i 2002, og som dokumenterer kvardagslivet ved fjordane på Vestlandet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brurepar i Flydalsjuvet over Geiranger. Foto: Lee Gwyn, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Brurepar i Flydalsjuvet over Geiranger. Foto (2012): Lee Gwyn, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Sunnmøringen er lokalavis for Stranda kommune og har hovudkontor i Stranda. Avisa kom ut første gongen 16. mai i 1946. Avisa er redigert på nynorsk og kjem ut to gongar i veka.

I Stranda tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jan Ove Tryggestad (Sp) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 2014

Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006

http://www.stranda.kommune.no

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no

Først publisert: 20.05.2009
Sist oppdatert: 28.02.2018