Hopp til innhold

Stryn kommune, Sogn og Fjordane

Klesprodusenten Moods of Norway, som har butikkar i fem land, har hovudkontor i Stryn.

Stryn kommune, 1380 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 6800 innbyggjarar og grensar i sør til Luster, i vest til Jølster, Gloppen og Eid, i nord til Hornindal og til Stranda i Møre og Romsdal og i aust til Skjåk i Oppland.

Oppstryn kyrkje. Foto: color line, Flickr.com CC BY 2.0.

Oppstryn kyrkje. Foto: color line, Flickr.com CC BY 2.0.

Kommunen vart skild ut frå Innvik i 1843. I 1922 vart eit mindre område overført frå Innvik. I 1965 vart Innvik, delar av Hornindal og eit mindre område i Gloppen slått saman med Stryn. I 1977 vart Hornindal-delen igjen skild ut som eigen kommune.

Stryn ligg rundt dei inste delane av Nordfjorden og vidare austover til fylkesgrensa mot Oppland. Kommunen er prega av djupe dalar mellom høge fjell. Høgast når fjella sør i kommunen, der vi òg finn Jostedalsbreen, den største isbreen i landet. Her ligg òg Lodalskåpa, som med 2083 moh. er høgaste punktet i kommunen. I kommunen er der tre tettstader, som alle ligg ved fjorden – Innvik, Olden, og administrasjonssenteret Stryn.

Stryn sentrum. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune, Flickr.com CC BY 2.0.

Stryn sentrum. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune, Flickr.com CC BY 2.0.

Stryn er den største skogbrukskommunen i fylket og står for 11 % av hogsten i fylket. Jordbruk er ei anna viktig næring, der det mellom anna er mykje dyrking av frukt og bær. Dei viktigaste industrigreinene er næringsmiddelindustri, trevareindustri, og transportindustri, som mellom anna produserer karosseri til bussar. Dei mange brearmane dreg mange turistar til kommunen, og reiseliv er ei anna viktig næring. Der er fleire overnattingsstader, mellom anna Hotell Alexandra i Loen.

Briksdalsbreen dreg kvart år til seg rundt 300 000 besøkande. Frå Ramnefjellet ved Loenvatnet gjekk det store ras i 1905 og 1934, og såret frå raset er framleis godt synleg. I Oppstryn ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, og ved den gamle Strynefjellsvegen ligg Strynefjellet Sommerskisenter. Frå Loen går det sti til fjellet Skåla, med den særmerkte turisthytta Skålatårnet.

Briksdalsbreen. Foto: cybergate9, Flickr.com CC BY 2.0.

Briksdalsbreen. Foto: cybergate9, Flickr.com CC BY 2.0.

Fjordingen er lokalavis for Nordfjord og kom første gong ut i 1928. Avisa kjem ut tre gonger kvar veke, har hovudkontor i Stryn og er redigert på nynorsk.

I Stryn tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål alt i 1897. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1913, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane i grunnskulen nynorsk som  hovudmål.

Sven Flo (H) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006

Nettstaden til Stryn kommune: http://www.stryn.kommune.no

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå: http://www.ssb.no/kommuner/

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Noreg: http://www.wwv.no


Sist oppdatert: 05.06.2018