Hopp til innhold

Sula kommune, Møre og Romsdal

Sula kommune vart oppretta i 1977 og er den yngste kommunen i Møre og Romsdal.

Sula kommune vart oppretta i 1977 og er den yngste kommunen i Møre og Romsdal.


Sula kommune, 59 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 7600 innbyggjarar og grensar i sør og vest til Hareid, i sør til Ørsta, i aust til Sykkylven og i nord til Ålesund og Giske.
Øya Sula høyrde lenge til Borgund kommune. I 1968 vart Borgund ein del av Ålesund kommune, men ni år seinare vart Sula skild ut som eigen kommune.
Det aller meste av busetnaden er på nordsida av øya. Sørsida er mykje brattare, med nokre få gardsbruk nede ved fjorden. Det høgaste punktet i kommunen, Vardane, 776 moh., ligg midt på øya.
Den viktigaste næringa i kommunen er industrien, med fiskeindustri, skipsverft og litt tekstil- og møbelindustri. Nær halvparten av dei yrkesaktive har arbeid i andre kommunar. Dei fleste arbeider i Ålesund. Frå administrasjonssenteret Langevåg går det hurtigbåt over fjorden til Ålesund.


Frå Sula går to viktige ferjesamband sørover. Frå Solavåg–Festøya går E39 til Ørsta/Volda og vidare sørover Vestlandet; frå Sulasundet–Hareid går Riksveg 61 vidare til Ulsteinvik.


Lokalavisa Sulaposten dekkjer kommunen. Avisa vart grunnlagd i 1946, er redigert på nynorsk og kjem ut ein dag i veka.


I Sula tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1893. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. 99 % av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål.

Jim Arve Røssevoll (Ap) har vore ordførar i Sula sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017