Faktaboks

Etymologi

norrønt súla, 'søyle, stolpe', kan òg ha samanheng med norrønt sule, ‘kløft'

Administrasjonssenter
Sand
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
3 784 (2022)
Landareal
1 583 km²
Høgaste fjell
Vassdalseggi (1658 moh.)
Innbyggjarnamn
suldøl
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Suldal kommune i Rogaland
Suldal kommune i Rogaland fylke.
Kart: Suldal kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Suldalsporten

Suldal er ein kommune i Rogaland, nordaust i Ryfylke og er den største kommunen i Rogaland etter areal.

Suldal omfattar, forutan den eigentlege Suldal (dalføret med Suldalslågen og Suldalsvatnet) med sidedalar og omliggjande fjelltrakter, også landa omkring Sandsfjorden og Hylsfjorden og dessutan ytre del av Saudafjorden. Kommunen når i vest fram til Vindafjorden og omfattar såleis heile Ropeidhalvøya, og den når i sørvest til Jelsafjorden/Erfjorden. Til Suldal høyrer òg Foldøyna utanfor munningen av Vindafjorden og Sandsfjorden.

Suldal kommune vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Sauda vart skilt ut frå kommunen i 1842. Sidan hadde Suldal uendra grenser til 1965 då dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord, Imsland sine område sør for Vindafjorden, og Jelsa (unnateke Buergårdene på Ombo, som vart overført til Hjelmeland), vart lagt til kommunen.

Dei noverande grensene sine fekk Suldal i 1978 då Vormestrand-området nordvest på Ropeidhalvøya, med 13 innbyggjarar (før 1965 i Vikedal kommune), vart overført til Suldal frå Vindafjord.

Suldal grensar i nordvest til Vindafjord (Rogaland) og Etne (Vestland fylke), i nord til Sauda (Rogaland) på begge sider av Saudafjorden, i nordaust til Ullensvang (Vestland), i aust til Vinje (Telemark fylke) og Bykle (Agder) og i sør til Hjelmeland (Rogaland). I sjøen i sørvest grensar Suldal til Stavanger og Tysvær, begge i Rogaland.

Natur

Berggrunnen i store delar av Suldal er av grunnfjells- eller prekambrisk alder, seinare sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefoldningen (sjå Den kaledonske orogenese). Då vart store skyvedekke med prekambriske, for ein stor del omdanna bergartar i foldesona, skove over grunnfjellet. Desse skyvedekka, som mellom anna består av ulike gneisbergartar og granitt, dannar no dei høgaste partia i kommunen. Dei når 1538 meter over havet på Skaulen nord for Suldalsvatnet, 1658 meter over havet på Vassdalseggi, det høgaste fjellet i fylket) på grensa mot Telemark, og 1604 meter over havet på Snønuten søraust for Suldalsvatnet.

I overgangen mellom skyvedekka og grunnfjellet er det stadvis bevart ei sone med fyllitt og glimmerskifer av kambrosilurisk opphav, særleg i dei sørlege delane av kommunen. Desse bergartane dannar ved forvitring eit næringsrikt morenemateriale som når dei opptrer i område med lun plassering, er ein medverkande årsak til at Suldal har dei største skogområda i fylket.

Ein betydeleg del av jordbruksareala finn ein i dalføret til Suldalslågen, likeins stadvis langs fjordane i sørvest, særleg i fyllittområda, mellom anna i Jelsa.

Naturvernområde

Kommune har 16 naturvernområde. Dei største er:

  • Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, verneplan for nasjonalparkar og andre større verneområde, 2 331 474 dekar, verna i 2000.
  • Dyraheio landskapsvernområde, verneplan for nasjonalparkar og andre større verneområde, 306 807 dekar, verna i 1997.
  • Kvanndalen landskapsvernområde, verneplan for nasjonalparkar og andre større verneområde, 82 120 dekar, verna i 1997.

Klima

Kaldaste månader er januar og februar, begge med normal på –2,8 °C, og varmaste månader er juli og august, begge med normal på 12,0 °C. Mest nedbør er det i november med normal på 102,7 millimeter og minst er det i mai med normal på 13,3 millimeter. Målingane er gjorde ved Gullingen skisenter målestasjon.

Busetjing

Busetjinga i Suldal finn ein særleg i Suldalslågens dalføre mellom Suldalsvatnet og kommunesenteret Sand ved Suldalslågen si munning i Sandsfjorden. I dette området bur nesten 60 prosent av befolkninga i kommunen (2017). Ved utløpet av elva frå Suldalsvatnet og like nedanfor ligg tettgrendene Suldalsosen og Vinjar. Elles er det spreidd busetjing i dalføra og fjordsidene med enkelte mindre konsentrasjonar, til dømes i Erfjord og Jelsa kyrkjestader i søraustre del av kommunen og Nesflaten ved nordenden av Suldalsvatnet.

Kommunen sin einaste tettstad er Sand med 1181 innbyggjarar i 2016. Dette utgjorde 30 prosent av det samla folketalet i kommunen. I fylket samla sett var tettstadssandelen til samanlikning dette året 88 prosent.

Folketalet i Suldal auka frå byrjinga av 1970-åra til midt i 1980-åra i kjølvatnet av den store kraftutbygginga i kommunen, men har sidan gått noko tilbake. I tiårsperioden 2007–2017 gjekk folketalet i kommunen ned med gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg mot ein vekst på 1,6 prosent i fylket samla sett.

Kart over Suldal kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Oddatjørndammen
Suldal er Norges største kraftkommune. Oddatjørndammen er en av flere demninger som danner Blåsjø, Norges største kraftmagasin, og hovedmagasin for Ulla-Førre Kraftanlegg.
Av /Statkraft.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

I alt 11 prosent av arbeidsplassane i Suldal er innan primærnæringane. Jordbruket blir drive som eit allsidig husdyrbruk med særleg vekt på storfe- og sauehald. Det er noko fruktdyrking i fjordstrøka, særleg av plommer. Suldal har det største skogarealet i Rogaland, og avverkinga i 2022 utgjorde 7994 kubikkmeter tømmer (gran og furu).

Industrien omfattar 11 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 26 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2016). Industrien blir dominert heilt av bergverk. På Berakvam ved Sandsfjorden nord for Jelsa kyrkjestad ligg eit av Noregs største pukkverk (Norsk Stein AS) med ein produksjonskapasitet på 10 millionar tonn per år. Arbeidsplassane her er bakgrunnen til at bergverksdrift har 73 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen (2015). Industrien elles finn ein særleg i kommunesenteret Sand. Viktigaste industribransjar etter bergverk er verkstads- og trevareindustri med høvesvis 13 og 11 prosent av sysselsetjinga i industrien (2015).

Suldal er Noregs største kraftkommune, med ein årleg middelproduksjon på 8075 gigawattimar (GWh) per 2016, først og fremst i Suldalsvassdraget inkludert Ulla-Førre-anlegga. Det er i alt 43 kraftverk i kommunen med ein samla maskininstallasjon på 2428 megawatt (MW) og ein årleg middelproduksjon på 8075 GWh. Største enkeltverk er Kvilldal kraftverk (i drift frå 1981) med ein maskininstallasjon på 1240 MW, den største i Noreg, og ein årleg middelproduksjon på 3612 GWh, etter Tonstad kraftverk i Sirdal har dette verket største årlege produksjon i Noreg. Av andre større verk må nemnast Saurdal pumpekraftverk (1985), Suldal I kraftverk (1965), Hylen kraftverk (1980) og Suldal II kraftverk (1967).

Av dei busette arbeidstakarane i Suldal har 17 prosent arbeid utanfor kommunen, i alt 6 prosent både i dei andre kommunane i Ryfylke og i kommunane på Jæren inkludert Stavanger (2016).

Samferdsel

Sandsfossen med Høse bru, ein installasjon i regi av nasjonale turistvegar.
Suldal

Suldal. M/S Suldal vart bygd i 1885 som dampskip og gjekk lenge i rutefart på Suldalsvatnet. Båten fekk dieselmotor i 1950-åra. Båten vart verna i 2013 og det blir arbeidd med å setje han i drift igjen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Suldal har to hovudvegsamband; riksveg 13, (Ryfylkeveien) som går frå E39 i Sandnes til E134 i Røldal i Ullensvang, og hovudsambandet vestover til Haugalandet med Haugesund (fylkesveg 46). Gjennom Suldal går riksveg 13 frå grensa mot Hjelmeland i sør via Sand, Suldalsosen og Nesflaten til Røldal. Vegen er ein del av nasjonal turistveg Ryfylke. Fylkesveg 46 går frå riksveg 13 på Lovraeidet, 12 kilometer sørvest for Sand, via Sandsfjordbrua/Åsarøyabrua (opna i 2015) og Ropeid til Ølen i Vindafjord. Herfrå fører E134 vidare vestover til Haugesund.

Andre viktige vegar i Suldal er fylkesveg 520 frå Ropeid nordover til Sauda og over fjellet til Røldal (vinterstengt over fjellet), likeins fylkesveg 517 frå Lovraeidet på riksveg 13 sørover til Jelsa kyrkjestad ved munninga av Sandsfjorden.

Det går bilferje frå Jelsa til Foldøyna, Hebnes og Nedstrand (i Tysvær). Sand har ekspressbåtsamband med Sauda og Stavanger.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Administrasjonssenteret Sand er eit viktig handels- og skulesentrum med blant anna vidaregåande skule.

Gullingen leirskule arrangerer fjellfriluftsleirar for skular i Rogaland og Hordaland.

Suldal høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i Ryfylke interkommunalt politisk råd saman med Sandnes, Hjelmeland, Sauda og Strand.

Suldal kommune svarer til dei fire sokna Erfjord, Jelsa, Sand og Suldal i Ryfylke prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Suldal til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Suldal

For statistiske formål er Suldal kommune (per 2024) delt inn i tre delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

  • Sand: Ås, Fattnes/Vanvik, Sand, Sandsbygda
  • Suldal: Hamrabø/Litlehamar, Nesflaten/Bratlandsdal, Roaldkvam/Bleskestad, Bråtveit, Kvildal, Veka, Suldalsosen, Suldalseid/Lundargard, Førland, Ulladalen
  • Erfjord/Jelsa: Fjellet/Håland, Lovradalen/Kolstø, Erøy, Foreneset, Høyvik, Jelsa, Hebnes/Vormestrand, Tveit/Finnvik Vestre, Refsbygd/Finnvik Austre, Marvik

Historikk og kultur

På tur langs Suldalsvatnet med Nesflaten i bakgrunnen

I samband med kraftutbygginga i Ulla–Førre vart det grave ut og undersøkt ein steinalderbuplass som truleg er cirka 4000 år gammal, ein buplass frå yngre jernalder og restar av ein mellomalderstøl. Fleire eldre gardsanlegg i kommunen er freda. På Sand ligg Ryfylkemuseet, eit interkommunalt museum for kommunane Suldal, Hjelmeland og Sauda, med folkemusikkarkiv. Jelsa kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1647 og restaurert i 1955. Jelsa har òg skulemuseum.

På Løland, heimgarden til forfattaren Rasmus Løland, ligg den freda Rosebua, ei særmerkt bu der tak og vegger i stova er dekt med rosemåling.

Suldalsposten er lokalavis for Suldal og kjem ut to gonger i veka. Avisa kom med det første nummeret i 1976, har hovudkontor på Sand, og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1976) har eit bølgjeforma trillingstreng i gull, skråstilt høgre–venstre mot ein raud bakgrunn. Dette illuderer Suldalslågen.

Namnet kjem av norrønt súla, 'søyle, stolpe', som opphavleg må ha vore nytta om Suldalsvatnet med sikte på den tronge Suldalsporten med stupbratte sider. Namnet kan òg ha samanheng med norrønt sule, ‘kløft'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Drange, Ernst Berge (2004): Erfjord: Gardar og folk, to bind
  • Suldal kultursoge, (1981–1993), tre bind

Kommentarar (1)

skreiv Olav Veka

Upresis opplysning om kommunesamanslåinga i 1965: "...samt deler av Jelsa og Imsland". Så godt som heile Jelsa herad gjekk inn i storkommunen Suldal (berre unnateke mindre område på Ombo), frå Imsland berre nokre få gardar på sørsida av Vindafjorden.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg