Hopp til innhold

Suldal kommune, Rogaland

Suldal kommune er ein av dei store kraftkommunane og står for over 70 % av kraftproduksjonen i Rogaland.

Suldal kommune, 1736 km2, ligg i Rogaland, har om lag 3800 innbyggjarar og grensar i sør til Hjelmeland og Finnøy, i vest til Tysvær og Vindafjord, i nord til Sauda og til Odda i Hordaland og i aust til Vinje i Telemark og Bykle i Aust-Agder.

Sauda vart skild ut frå Suldal i 1842. I 1965 vart Suldal slått saman med kommunane Sand, Erfjord, det meste av Jelsa og litt av Imsland. I 1978 vart eit mindre område overført frå Vindafjord.

Suldal er den største kommunen i Rogaland. Kommunen omfattar land på begge sider av midtre del av Saudafjorden, heile Hylsfjorden og det vide Suldalsdalføret med tilgrensande fjellområde. Administrasjonssenteret Sand er den einaste tettstaden. Det meste av busetjinga ligg i dalføret innover frå Sand, men det er spreidd busetnad i fleire sidedalar og langs fjordane. Det høgaste punktet i kommunen er Vassdalsegga, 1658 moh.

Sand sentrum i Suldal kommune. Foto: azedkae, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sand sentrum i Suldal kommune. Foto: azedkae, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Ulla-Førre-anlegget stod ferdig i 1988. Frå hovudmagasinet Blåsjø vert vatnet ført til fire kraftstasjonar, som har ein samla årsproduksjon på rundt 5000 GWh. Skogbruk er ein viktig næringsveg, og kommunen har det største skogarealet i Rogaland. Der er litt jordbruk, mellom anna med dyrking av plommer ved fjordane. Ved Jelsa ligg Norsk Stein, eit av dei største pukkverka i landet, og dette er den største industriarbeidsplassen. Det ligg òg noko industri ved Sand, mest trevare-, næringsmiddel- og verkstadindustri.

Ved Ritland ligg restane av eit ringforma tunanlegg og 40–50 gravhaugar frå jernalderen. Administrasjonen til Ryfylkemuseet ligg på Sand, men museet har 24 avdelingar i heile Ryfylke. På Løland, heimgarden til forfattaren Rasmus Løland, ligg den freda Rosebua, ei særmerkt bu der tak og vegger i stova er dekt med rosemåling. Kommunen har fleire freda gardstun.

Suldal 1890 foto Axel Lindahl Ingen opphavsrett Kjelde Norsk Folkemuseum.jpg?w=600

Suldal 1890. Foto: Axel Lindah. Ingen opphavsrett. Kjelde: Norsk Folkemuseum.

Suldalsposten er lokalavis for Suldal og kjem ut to gonger kvar veke. Avisa kom med det første nummeret i 1976, har hovudkontor på Sand, og avisa vert redigert på nynorsk.

I Suldal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1905. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har sju grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Gerd Helen Bø (Sp) har vore ordførar i Suldal sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017