Hopp til innhold

Sund kommune, Hordaland

I Tælavåg i Sund kommune vart to tyske offiserar drepne i 1942, noko som førte til at alle husa i bygda vart brende ned.

Sund kommune, 100 km2, ligg i Hordaland, har om lag 5800 innbyggjarar og grensar i nord til Fjell, i aust til Bergen og i sør til Austevoll.

Kommunegrensene har vore dei same sidan 1886, då Austevoll vart skild ut som eigen kommune.

Sund er ein øykommune. Det meste av kommunen ligg på Store Sotra, men også tre andre av dei rundt 300 øyane i kommunen har busetnad – Tofterøy, Viksøy og Golta. Det går bruer mellom alle desse øyane, og mellom Store Sotra og fastlandet. Busetnaden er spreidd over det meste av kommunen, som har tre tettstader, Hammarsland, Klokkarvik og Tælavåg. Administrasjonssenteret Skogsvåg ligg i det nordaustlege hjørnet av kommunen. Det høgaste punktet i kommunen er Førdesveten, 284 moh.

Fisket ligg til grunn for mange av næringane i Sund. Rekna etter verdi dreg berre to kommunar i fylket i land meir fisk enn i Sund, og i kommunen er det både fiskeforedling og fiskeoppdrett. Her er litt jordbruk, ofte i kombinasjon med fiske. Rundt 60 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Fjell og Bergen.

Mykje av den illegale englandstrafikken under den andre verdskrigen gjekk ut frå Tælavåg. Her er minnesmerke over hendingane frå april 1942, då den tyske okkupasjonsmakta brende alle husa, sende alle menn til konsentrasjonsleir i Tyskland, medan alle kvinner og born vart internerte andre stader i fylket. Den årlege Periferifestivalen, som byr på musikk, litteratur og kunst, vart første gong arrangert i 2007.

Vest-Nytt vert redigert frå Straume og dekkjer kommunane Fjell, Sund og Øygarden og kjem ut ein gong kvar veke. Avisa vart etablert i 1987, då dei to avisene Sotranytt og Vestgula slo seg saman.

I Sund tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1920. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1932. Kommunen har åtte grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 85 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Kari-Anne Landro (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017