Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Sunnfjord kommune. Kjelde: sunnfjord.kommune.no.
Kommunevåpenet til Sunnfjord kommune. Kjelde: sunnfjord.kommune.no.
X
Innhald

Sunnfjord kommune, Vestland

Førde i Sunnfjord er eit viktig sentrum for nynorsk kultur og nynorske medium, med institusjonar som Teater Vestland og Nynorsk mediesenter.

Sunnfjord kommune, 2208 km2, ligg i Vestland fylke, har om lag 22 030 innbyggjarar og grensar i nord til Gloppen, i nordaust til Luster og Stryn, i søraust til Sogndal, i sør til Høyanger og i vest til Kinn, Askvoll og Fjaler. Kommunen vart danna ved samanslåing av dei gamle kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal i 2020.

Kommunen utgjer størstedelen av det tidlegare futedømet Sunnfjord og strekkjer seg frå Førdefjorden i vest langs elva Jølstra og Jølstravatnet til Jostedalsbreen i aust. Dei to elvane Gaula og Nausta er verna. Det høgaste punkt er Snønipa, 1827 moh. Kommunesenteret Førde fekk bystatus i 1997. Andre og mindre tettstader er Sande, Naustdal, Vassenden, Skei og Bygstad.

Førde er sentrum for handel, sørvis og industri, som er dei viktigaste næringane i kommunen. Mange av innbyggjarane i kommunen arbeider her, med Førde sentralsjukehus som den største arbeidsplassen. Førde har òg campus for Høgskulen på Vestlandet, ei avdeling av Vestland fylkeskommune og to nasjonale forvaltningsorgan: Lotteri- og stiftelsestilsynet og Norec (tidlegare Fredskorpset). Kommunen har variert industri, mellom anna næringsmiddel-, verkstad-, trevare- og bergindustri. Jordbruk med husdyrhald har sterke tradisjonar i kommunen, og reiselivsnæringa er i vekst.

Astruptunet. Foto (juli 2012): Njål_N, flickr.com. CC BY 2.0.

Astruptunet. Foto (juli 2012): Njål_N, flickr.com. CC BY 2.0.

Sunnfjord Museum, med 32 eldre bygningar, ligg i Movika aust for Førde. Sogn og Fjordane kunstmuseum held til i eit praktbygg frå 2012 i Førde sentrum og driftar i tillegg to avdelingar ved Jølstravatnet: Astruptunet, med kunstnarheimen til Nikolai Astrup, og Eikaasgalleriet med kunst av Ludvig Eikaas. Skulpturar av dei lokale kunstnarane Stig Eikaas, Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim står i Førde og Naustdal, og bygda Vevring lengst vest i kommunen har skulpturpark og årlege kunstutstillingar. Teater Vestland er eit regionalt turnéteater i Førde.

Firda er lokalavisa i kommunen og dekkjer heile Sunnfjord. Avisa vart grunnlagd i 1918 og er redigert på nynorsk. I Førde ligg distriktskontor for NRK Vestland og opplæringssentera NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter.

Dei første skulane i kommunen tok i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1905. Nynorsk liturgi vart først røysta inn i 1922. Alle dei fire tidlegare kommunane fekk nynorsk som tenestespråk i 1921/22. Skuleåret 2019/20 hadde 99,7 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som opplæringsspråk.

Olve Grotle (H) er ordførar sidan 2019. Før det var han ordførar i Førde.


Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Ørsta 2005

 

Eirik Helleve: «Førde kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/forde-kommune-sogn-og-fjordane/23/889/ [lesedato 14.6.2020]

Eirik Helleve: «Naustdal kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/naustdal-kommune-sogn-og-fjordane/23/741/ [lesedato 14.6.2020]

Eirik Helleve: «Jølster kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/jolster-kommune-sogn-og-fjordane/23/84112/ [lesedato 14.6.2020]

Eirik Helleve: «Gaular kommune, Sogn og Fjordane» (historisk artikkel), allkunne.no: https://www.allkunne.no/framside/geografi/noreg/kommunar/gaular-kommune-sogn-og-fjordane/23/890/ [lesedato 14.6.2020]

Kartverket: «Fakta om Noreg», kartverket.no: https://www.kartverket.no/kunnskap/Fakta-om-Norge/ [lesedato 14.6.2020]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», ssb.no: https://www.ssb.no/statbank/ [lesedato 14.6.2020]

Sunnfjord utvikling: «Velkommen til Sunnfjord», sognefjord.no: https://www.sognefjord.no/sunnfjord [lesedato 14.6.2020]


Peikarar

Sunnfjord kommune, sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord museum, sunnfjord.museum.no

Sogn og Fjordane kunstmuseum, sfkm.no

Teater Vestland, teatervestland.no

Først publisert: 20.11.2020
Sist oppdatert: 23.11.2020