Hopp til innhold

Surnadal kommune, Møre og Romsdal

I Surnadal ligg hovudkontoret for Amfi, som er engasjert i 51 kjøpesenter frå Kirkenes til Mandal.

Surnadal kommune, 1365 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 6000 innbyggjarar og grensar i vest til Sunndal og Tingvoll, i nord til Halsa og Hemne i Sør-Trøndelag, i aust til Rindal og i sør til Oppdal i Sør-Trøndelag.

I 1858 vart Rindal skild ut som eigen kommune. Frå 1887 til 1897 var det fleire grensereguleringar; eitt mindre område vart overført frå Surnadal til Stangvik, medan tre mindre område gjekk andre vegen. I 1965 vart kommunen slått saman med Åsskard og delar av Stangvik.

Dalføret Surnadalen går gjennom heile kommunen, frå Surnadalsfjorden i vest til Rindal i aust. På sørsida av dalen er det store fjellområde, mellom anna store delar av Trollheimen. På nordsida, parallelt med Surnadalen, går Bøverdalen. Det meste av busetnaden ligg i Surnadalen, med sterkast konsentrasjon rundt administrasjonssenteret Skei, som er den einaste tettstaden i kommunen. Det høgaste punktet i kommunen er Snota, 1668 moh.

I den breie Surnadalen er det mange gardsbruk, som driv med både korndyrking og husdyrhald. Skogbruk er ei anna viktig næring, og kommunen har fleire verksemder som arbeider med tre – her er møbelindustri, innreiingsindustri og annan trevareindustri. Kommunen har òg fleire plastfabrikkar, med Pipelife som den største. Der er to store kraftverk i kommunen, Svorka og Trollheim.

Den årlege festivalen Vårsøghelga vart første gong arrangert i 1995. Festivalen har teke namnet frå eit dikt av Hans Hyldbakk, som budde på Kleiva over Skei. Todalen, Vindøldalen og Folldalen er gode utgangspunkt for turar i Trollheimen, og fleire av fjelltoppane kan nåast på dagsturar frå Trollheimshytta, driven av Trondhjems Turistforening. I alt er det ni turisthytter i kommunen. Ved Todalen skule er der eit monument som viser Vangsgutane, hovudpersonane i ein teikneserie skapt av Leif Halse og Jens R. Nilssen.

Trollheimen. Foto: Stian Engen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Trollheimen. Foto: Stian Engen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Den største avisa i kommunen er Driva, som er lokalavis for Surnadal og fem andre kommunar på Nordmøre og i Romsdal. Avisa vart grunnlagd i 1971 og har hovudkontor på Sunndalsøra. Avisa kjem ut tre gonger kvar veke. I starten var avisa ei rein nynorskavis, men ho er i dag redigert på begge målformer.

I Surnadal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1916. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har sju grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 79 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) har vore ordførar sidan 2014.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017