Faktaboks

Administrasjonssenter
Sveio
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
5 775 (2022)
Landareal
224 km²
Høgaste fjell
Trollevassnibba (432 moh.)
Innbyggjarnamn
sveibu
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4612 (frå 01.01.2020, tidlegare 1216)

Kommunevåpenet til Sveio kommune har ei kløyvd lilje i sølv mot ein raud bakgrunn.

Kart: Sveio kommune i Vestland
Sveio kommune i Vestland fylke.
Kart: Sveio kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sveio er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg lengst sørvest i fylket, på halvøya mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio omfattar den nordvestre delen av Haugalandet (Haugesundshalvøya) og grensar mot Rogaland fylke i sør og søraust.

Sveio blei oppretta som kommune i 1865 ved utskiljing frå den dåverande kommunen Finnås, samstundes som også Vikebygd blei innlemma. I 1902 blei Vikebygd sokn skilt ut frå Sveio som eigen kommune.

Sveio fekk dei noverande grensene sine i 1964, då Valestrand og Vestre Vikebygd (vest for Ålfjorden) blei lagt til kommunen, likeeins dei to gardane Buvik og Flatnes frå tidlegare Skjold kommune i Rogaland.

Sveio grensar etter dette til Haugesund og Tysvær, begge i Rogaland, i sør. Dei andre grensene rundt Sveio går i sjøen: mot Vindafjord i Rogaland i Ålfjorden i aust, og mot Stord og Bømlo i Bømlafjorden i nord og nordvest.

Natur

Sveio

Sveio. Ryvarden fyr frå 1849 blir no drive som galleri og museum. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Områda langs kysten vest i kommunen består av djupbergartar av grunnfjellsalder, særleg gabbro. Også berggrunnen langs Ålfjorden i aust er grunnfjell, hovudsakleg granitt. I det mellomliggjande området, mellom Vigdarvatnet og Førdespollen, og dessutan i eit belte Valestrand–Tittelsnes lengst nord i kommunen, ligg yngre og til dels sterkt omdanna kambrosiluriske sediment, mellom anna glimmerskifer, over grunnfjellsbergartane.

Berggrunnen i heile kommunen er sterkt prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga, mellom anna i den dominerande strokretninga sørvest–nordaust som landskapet har, og i dei svært ofte sterkt omdanna bergartane denne faldinga har bidrege til.

Landskapet er myrlendt og småkupert med låge åsar og kollar. Emberlandsnipen 271 meter over havet innanfor Buavåg er eit landemerke. Mot aust blir lendet meir markert, med noko høgare toppar. Den høgaste er Trollevassnibba 432 meter over havet, tre kilometer sør på Tittelsnesklubben. Jordsmonnet i Sveio er sandhaldig, til dels leirhaldig, moldjord.

Busetjing

Busetjinga er relativt jamt fordelt med konsentrasjonar til områda rundt dei tre tettstadene i kommunen (folketalet i tettstaden i 2022 i parentes): administrasjonssenteret Sveio ved nordenden av Vigdarvatnet (1523), tettstaden Rophus inst i Viksefjorden ved grensa til Haugesund (375) og Førde ved Førdespollen sentralt i kommunen (363). I alt budde 39 prosent av innbyggjarane i Sveio i tettstader i 2022, mot 81 prosent i Vestland fylke.

Sveio hadde nedgang i folketalet til omkring 1970, sidan har det vore vekst. I tiårsperioden 2013—2023 auka folketalet med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, mot 0,7 prosent i Vestland fylke. Den relativt sterkare veksten i folketalet i Sveio enn i Vestland fylke i denne perioden må i ein viss grad tilskrivast nærleiken til Haugesund.

Kart over Sveio kommune
Kart over Sveio kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Primærnæringane er, etter offentleg administrasjon og tenesteyting, den viktigaste næringa i Sveio etter sysselsetjing. Av arbeidsplassane i kommunen er 11 prosent i primærnæringane (2022). Jordbruket i kommunen har hovudvekt på husdyrhald (storfe, sau, svin, høns). Det blir drive noko fiske og fiskeoppdrett.

Der relativt lite industri i Sveio; den omfattar berre tre prosent av arbeidsplassane i kommunen, 20 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2022). Dei viktigaste industribransjane er verkstadindustri, møbel- og annan industri, tekstilindustri og trevare- og trelastindustri. Det er etablert eit større næringsområde ved fylkesveg 47 på Ekrene innanfor Viksefjorden, nær grensa til Haugesund.

I 2022 hadde 64 prosent av dei yrkesaktive som var busette i Sveio, arbeid utanfor kommunen. Av desse arbeidde 31 prosent i Haugesund, i alt 15 prosent i dei andre Haugalands-kommunane (Karmøy, Tysvær, Vindafjord og Bokn), i alt 12 prosent i dei andre Sunnhordland-kommunane og to prosent i både Bergen og Stavanger.

Samferdsle

Sveio har gode vegsamband. Sentralt gjennom kommunen går E39, kyststamvegen på Vestlandet. Denne vegen går via tunnelar (sjå Bømlafjordtunnelen) og bruer over Bømlafjorden. Denne utgjer ein lekk i Trekantsambandet som knyter saman kommunane Bømlo, Stord og Fitjar med Valevåg lengst nord i Sveio.

Fylkesveg 47 fører frå Haugesund i sør via kommunesenteret til E39 ved Haukås sentralt i kommunen. Frå fylkesveg 47 i kommunesenteret fører fylkesveg 541 nordover til Bømlo via ferjesambandet BuavågLangevåg.

Den næraste stamflyplassen er Haugesund lufthavn, Karmøy. Den næraste kortbaneflyplassen er Stord lufthamn, Sørstokken.

Ryvarden fyr ligg lengst vest i kommunen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Haugaland og Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes og dessutan Regionrådet for Haugalandet saman med Haugesund, Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Etne, Bokn, Sauda, Suldal og Utsira.

Sveio kommune har to sokn: Sveio og Valestrand og Førde i Sunnhordland prosti (Bjørgvin bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sveio til Søndhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sveio

For statistiske føremål er Sveio kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 21 grunnkrinsar:

  • Sveio: Vikse, Våge, Vandaskog, Eltravåg, Bua, Sveio tettstad, Sveio, Kvalvåg, Bråtveit, Rød, Eilerås, Flatnes
  • Førde: Oa, Førde tettstad, Førde, Vestvik, Økland, Lier, Vihovde, Valevåg, Tittelsnes

Historikk og kultur

Ei bygdeborg ligg på Røykenes ved Ålfjorden. Valevåg er heimbygda til komponisten Fartein Valen. På Valen kyrkjegard står der ein bautastein.

Ryvarden kulturfyr med kafé og kunstgalleri blei oppretta etter 1984, då fyret blei automatisert. I sørvest er det kystlandskapsspark der Bømlafjorden opnar seg mot havstykket Sletta.

Ved Ryvarden fyr er det reist eit minnesmerke med namna på dei 16 som mista livet i Sleipner-ulukka i 1999, då snøggbåten MS Sleipner i grov sjø grunnstøytte i høg fart på skjeret Store Bloksen eit par kilometer utanfor fyret, og sokk etter kort tid.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1982) har ei kløyvd lilje i sølv mot ein raud bakgrunn. Motivet er henta frå eit våpen som blei brukt under hyllinga av Christian 4 i 1591.

Namnet kjem av norrønt Sviða, av sve, ‘stad som er rydda ved brenning’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Steinsbø, Simon: Gards- og ættesoge for Sveio, 1986–1987, 3 b.

Kommentarar (7)

skreiv Anders Habbestad

Jeg aldri sett varianten «Vigdervatnet» i bruk før, og mener at det rikige navnet må være «Vigdarvatnet», altså med a og ikke e. Det faktum at kultur- og skoleanlegget Vigdartun (hvor navnet har samme opphav) i kommunesenteret Sveio også skrives med a, støtter opp om dette.

skreiv Anders Habbestad

«Fv. 47 fører fra Haugesund i sør via administrasjonssenteret Sveio til E 39 ved Ekrene.»Dette er ikke korrekt. Fv. 47 møter E39 på Haukås, ikke Ekrene: https://goo.gl/maps/nbC7X

skreiv Geir Thorsnæs

Det du anfører, er helt korrekt, og teksten vil bli endret fra Ekrene til Haukås.Med vennlig hilsenGeir Thorsnæs

skreiv Susanne Førde

Vil no meina at det er Førde og ikkje Rophus som er rekna som kommunens andre tettstad... ?

svarte Geir Thorsnæs

Per 1. januar 2015 opererer SSB med to tettsteder i Sveio: Sveio og Rophus med henholdsvis 1428 og 335 innbyggere. Dette gir kommunen en tettstedsandel i befolkningen på 32 prosent. Artikkelen Sveio er rettet i samsvar med dette. Vennlig hilsen Geir Thorsnæs

skreiv Sverre Olav Lundal

Etter nye definisjonar i Statistisk Sentralbyrå frå 1. januar 2013 er det to tettstader i Sveio, Sveio og Rophus. Før 1.1.2013 var det Sveio og Førde.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg