Hopp til innhold
Kommunevåpenet viser ei lilje i sølv mot ein raud bakgrunn.
Kommunevåpenet viser ei lilje i sølv mot ein raud bakgrunn.
Kommunevåpenet viser ei lilje i sølv mot ein raud bakgrunn.
X
Innhald

Sveio kommune, Hordaland

Komponisten Fartein Valen var frå Valevåg i Sveio kommune, og på grava hans er det reist ein bautastein.

Sveio kommune, 246 km2, ligg i Hordaland, har om lag 4900 innbyggjarar og grensar i vest til Bømlo, i nord til Stord, og til tre kommunar i Rogaland: Vindafjord i aust og Tysvær og Haugesund i sør.

I 1902 vart Vikebygd skild ut som eigen kommune. I 1964 vart kommunen slått saman med Valestrand, delar av Vikebygd og delar av Skjold, og den nye kommunen fekk namnet Sveio.

Sveio ligg på ei halvøy som strekkjer seg nordover mellom Bømlafjorden, som er den ytste delen av Hardangerfjorden, og Ålfjorden. Landskapet er prega av avrunda, låge åsar, og busetnaden er spreidd over store delar av kommunen. Kommunen har to tettstader, Førde og administrasjonssenteret Sveio. Frå Valevåg lengst nord i kommunen er det undersjøisk tunnel til Stord. Terrenget stig gradvis mot aust og nord. Det høgaste punktet i kommunen er Trollevassnibba, 432 moh.

Her er ein del jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald, og litt fiskeoppdrett. Kommunen har relativt lite industri, men her er litt verkstad- og tekstilindustri. Rundt 60 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider i andre kommunar, først og fremst Haugesund.

Heilt vest i kommunen ligg Ryvarden fyr, der det mellom anna er eit kunstgalleri. Ved Sveio sentrum ligg Haugaland golfbane, med 18 hol.

Vestavind er lokalavis for Sveio. Avisa har hovudkontor i Sveio, kjem ut ein gong kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Sveio tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1919 (Valestrand). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1942 (Valestrand), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1926 (Sveio). Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 94 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Nynorskdelen har auka sidan byrjinga av 2000-talet, og i 2017 blei kommunen kåra til årets nynorskkommune, med anna fordi dei kursar foreldra til grunnskuleelevane i nynorsk.

Jorunn Skåden (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017