Hopp til innhold

Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

Sykkylven er ein stor møbelkommune, og rundt ein tredjedel av dei yrkesaktive i kommunen arbeider på møbelfabrikkar.

Sykkylven kommune, 338 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 7500 innbyggjarar og grensar i sør og vest til Ørsta, i nord til Sula, Ålesund, Skodje og Ørskog, i aust til Stordal og i aust og sør til Stranda.

I 1883 vart kommunen skild ut frå Ørskog, og i 1955 vart eit mindre område overført frå Ørskog.

Sykkylven ligg på sørsida av Storfjorden, rundt fjordarmen Sykkylvsfjorden. Det meste av busetnaden er samla rundt denne fjordarmen, med sterkast konsentrasjon på austsida, der administrasjonssenteret Aure ligg, og innover mot Straumgjerde inst i fjordarmen. Der er òg litt busetnad nokre stader ved sjølve Storfjorden og i Velledalen, som går austover mot Stranda. Store delar av kommunen er ville fjell, og dei sørvestlege delane av kommunen er ein del av Sunnmørsalpane. Det høgaste punktet i kommunen, Råna (1586 moh.), er grensefjell mot Ørsta.

Sykkylven brudeferd i Straumegjerdet 1862. . Brudeparet er Elling P. Strømmegjerde og Louise Hansdtr. Fet Fotograf Marcus Selmer KJelde Norsk folkemuseum Ingen CC.jpg?w=600

Brudeferd i Straumegjerde i Sykkylven 1862. Brudeparet er Elling P. Strømmegjerde og Louise Hansdtr. Fet. Fotograf: Marcus Selmer. Kjelde: Norsk folkemuseum. Ingen opphavsrett.

Den dominerande næringsgreina i Sykkylven er møbelproduksjon. Her ligg fleire av dei største fabrikkane i landet, mellom anna Ekornes ASA. Her er òg ein variert verkstadindustri, og litt jordbruk, med vekt på husdyrhald.

I Aure er det gjort funn av bustader frå jernalderen og bronsealderen. Det er to museum i kommunen, Sykkylven Naturhistoriske Museum på Vik og Norsk Møbelfaglig Senter i Aure, og begge er avdelingar av Stiftinga Sunnmøre Museum. Velledalen er mykje brukt som utgangspunkt for fotturar i Sunnmørsalpane.

Lokalavisa Sykkylvsbladet kom med det første nummeret i 1946 og har hovudkontor i Aure. Bladet kjem ut to gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Sykkylven tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1901. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1931, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har ni grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Odd Jostein Drotninghaug (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017