
Time kommune, Rogaland
Forfattaren Arne Garborg var fødd i Time, og både Garborgheimen, der han voks opp, og Knudaheio, der han budde dei fleste somrane frå 1899, er opne for publikum.
Time kommune, 183 km2, ligg i Rogaland, har om lag 15 500 innbyggjarar og grensar i nord til Sandnes, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i sør til Hå og i vest til Klepp.
Kart som viser Rogaland fylke si plassering i Noreg og Time kommune si plassering i fylket. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO. Trykk her for å sjå eller laste ned kartet i større format.
Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1838, med unntak av to mindre område som vart overførte til Gjesdal i 1970 og 1989.
Det administrative senteret i kommunen er Bryne, med rundt 7000 innbyggjarar. Andre tettstader er Kverneland, der over halvparten av dei 5500 innbyggjarane bur i Klepp kommune, Lyefjell og Undheim. Der er to landskapstypar i kommunen. I den vestlege delen er det eit flatt jærlandskap, som er dominert av store jordbruksareal. I den austlege delen er det eit meir kupert heilandskap, og der ligg òg det høgaste punktet i kommunen, Brusaknuten, 430 moh.
Den viktigaste næringsvegen i Time er industri, der verkstadindustri er den klart største greina. Nokre av desse verksemdene spesialiserer seg på produkt retta mot jordbruk, mellom anna Kverneland ASA, den største landbruksmaskinfabrikken i landet. Andre verksemder er retta mor oljeindustri og teknisk industri. Jordbruk er ein annan stor næringsveg. Kommunen er av dei ti største i landet når det gjeld talet på både høner, sauer, storfe og svin. Bryne er òg eit handels- og skulesenter.
Jærbladet har hovudkontor på Bryne, men dekkjer òg kommunane Hå og Klepp. Avisa vart grunnlagd i 1949, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på begge målformer.
Time bygdemuseum held til på Undheim og har fleire anlegg i kommunen. I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter, som ligg i Bryne.
Time kommune fekk prisen Årets nynorskkommune i 2016.
Steinandletet «All denne fagre utsyn» av Hugo Frank Wathne vart det sett opp i samband med Garborg-året 2001 og står ved Knudaheio. Foto: Marton Digernes, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
I Time tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1914, nynorsk liturgi vart røysta inn i 1930, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1931. Skuleåret 2016/2017 hadde 92 % av elevane i Timenynorsk som hovudmål.
Kjelder
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå: http://www.ssb.no/kommuner/
World Wide Vikings:http://www.wwv.no
Sist oppdatert: 17.12.2017