Hopp til innhold

Tinn kommune, Telemark

I Tinn ligg Vemork kraftstasjon, som norske motstandsfolk i 1943 sprengde for å stoppe den tyske produksjonen av tungtvatn, som vart brukt i utviklinga av atomvåpen.

Tinn kommune, 2045 km2, ligg i Telemark, har om lag 6000 innbyggjarar og grensar i sør til Notodden, Hjartdal og Seljord, i vest til Vinje, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud, og i aust til Rollag og Flesberg i Buskerud. I 1860 vart delar av Tinn slått saman med delar av Hjartdal til den nye kommunen Gransherad. Hovin vart skilt ut som eigen kommune frå Gransherad i 1886, og i 1903 vart ein del av Tinn kommune ført over til Hovin. I 1964 vart Tinn og Hovin slått saman til éin kommune, som fekk namnet Tinn.
Busetnaden er konsentrert til Tessungdalen og Vestfjorddalen, der kommunesenteret Rjukan ligg. Begge desse dalane endar ved Tinnsjøen, ein innsjø søraust i kommunen. I nordvest er det store fjellvidder, og ein liten del av desse viddene ligg innanfor grensene til Hardangervidda nasjonalpark. Det høgaste punktet i kommunen er Gaustatoppen, 1883 moh.
Det er heller lite jordbruk og skogbruk i kommunen. Industrien er framleis ei langt viktigare næring, også etter at Norsk Hydro i 1960 flytta delar av verksemda si til Porsgrunn. Det som er att, er først og fremst kjemisk industri og verkstadindustri, og mykje av industrien er samla i Hydro Rjukan Næringspark. Kommunen har òg noko turisme.
Vemork. Foto: Lars Andersen, CC BY SA 3.0
Vemork. Foto: Lars Andersen, CC BY SA 3.0
Norsk industriarbeidermuseum held til i Vemork kraftstasjon, som ligg i Vestfjorddalen like ovanfor Rjukan. Kraftstasjonen, som var den største i verda då han vart bygd i 1911, er ein del av museet.
Vemork kraftstasjon var utsett for ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane under 2. verdskrig. I 1943 sprengde norske motstandsfolk Vemork for å stoppe den tyske produksjonen av tungtvatn, som vart brukt i utviklinga av atomvåpen.

Lytt til lydklipp frå 1968 frå NRK Radio, om tungvassaksjonen:
Sjå filmen frå 1947: "Kampen om tungtvannet":

Frå Gaustatoppen, som ein kan nå anten til fots eller ved å ta Gaustabanen inne i fjellet, har den vidaste utsikta i landet. Frå den tronge Vestfjorddalen går Krossobanen, den første taubanen i Europa, opp til 886 moh., eit utgangspunkt for turar innover Hardangervidda.
Den mest lesne avisa i kommunen er Rjukan Arbeiderblad. Avisa vert redigert frå Rjukan, kom med det første nummeret i 1923 og kjem ut fem dagar i veka. Avisa vert redigert på bokmål.
I kommunen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908 (Tinn). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921 (Hovin). I Hovin var tenestemålet nynorsk frå 1938 til samanslåinga i 1964. Den nye kommunen har ikkje gjort vedtak om tenestemål og er altså språkleg nøytral. Kommunen har sju grunnskular, og skuleåret 2009/10 hadde 14 prosent av elevane ved desse skulane nynorsk.


Bjørn Sverre Sæberg Birkeland (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Store norske leksikon, bd. 14. Oslo 2006
Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 22.03.2011]
Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Tinn kommune,
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 22.03.2011]
Nettstaden til Tinn kommune, http://www.tinn.kommune.no [lesedato 22.03.2011]
World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Telemark fylke,

Først publisert: 22.03.2011
Sist oppdatert: 22.01.2016