Hopp til innhold
Tokke kommunevåpen: ein svart bjørn mot gull bakgrunn som symbol for styrke.
Tokke kommunevåpen: ein svart bjørn mot gull bakgrunn som symbol for styrke.
Tokke kommunevåpen: ein svart bjørn mot gull bakgrunn som symbol for styrke.
X
Innhald

Tokke kommune, Telemark

Andre juledag 1884, åtte år før det var lov å bruke nynorske salmar i ei kyrkje, song Høydalsmo kyrkjelyd ”No koma Guds englar”. Salmen var skriven av den dåverande kyrkjeministeren, Elias Blix.

Tokke kommune, 980 km2, ligg i Telemark, har om lag 2350 innbyggjarar og grensar i nord til Vinje, i aust til Seljord og Kviteseid, i sør til Fyresdal og i vest til Valle og Bykle i Aust-Agder.

Kommunen vart oppretta i 1964, då dei to kommunane Mo og Lårdal vart slått saman.

Administrasjonssenteret Dalen ligg sentralt i kommunen, ved vestenden av innsjøen Bandak, og frå Dalen går det riksvegar i tre retningar. Busetnaden er tettast ved Dalen, men der er spreidd busetnad i store delar kommunen. Unntaket er den vestlegaste delen, som er prega av store fjellvidder. Her ligg òg det høgaste punktet i kommunen, Kvannefjellet, 1537 moh. Kommunen har tre mindre tettstader, Høydalsmo, Lårdal og Åmdals Verk.

Jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald, og skogbruk er framleis viktige næringar. Frå skogane vert det kvart år teke ut over 35 000 m3 tømmer. I 1950- og 1960-åra vart Tokke-vassdraget utbygd, og tre av dei sju kraftstasjonane ligg i Tokke kommune. Industrien var tidlegare nært knytt til tømmerdrifta, men i dag er det mest verkstadindustri i kommunen. Her er litt turisme, og i Dalen ligg det velkjende Dalen hotell frå 1892.

Eidsborg stavkyrkje, som ligg like nord for Dalen, er frå 1200-talet. Vest-Telemark Museum held til like ved stavkyrkja, der rundt 30 bygningar står samla, og ei anna avdeling ved Åmdal verk, der det var gruvedrift frå 1690 til 1945. Sør for Dalen ligg Anne Grimdalen-tunet, med over 250 av skulpturane hennar. I Tokke vart det i tusen år produsert og eksportert brynesteinar.

Tokke Eidsborg stavkyrkje Foto jechstra flickr com CC BY NC ND2.jpg?w=600

Eidsborg stavkyrkje. Foto: jechstra, flirckr.com CC BY NC ND 2.0

Vest-Telemark Blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Tokke. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor i Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Tokke tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1898. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 87 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jarand Felland (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017