Hopp til innhold

Tysnes kommune, Hordaland

Tysnes var heimkommunen til forfattaren Johannes Heggland, som skreiv nær 70 bøker i mange ulike sjangrar.

Tysnes kommune, 255 km2, ligg i Hordaland, har om lag 2800 innbyggjarar og grensar i nord til Os, i nord og aust til Fusa, i aust til Kvinnherad, i sør og vest til Stord og i vest til Austevoll.

Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1907, då eit mindre område vart overført til Kvinnherad.

Tysnes er ein øykommune, med brusamband over Lukksundet til Fusa. I kommunen er det meir enn 170 større og mindre øyar. Den største er Tysnesøya, der dei fleste innbyggjarane i kommunen er busette. Her ligg òg administrasjonssenteret Uggdal, som saman med Våge er dei einaste tettstadene i kommunen. Det høgaste punktet i kommunen er Tysnessåta, 752 moh.

Det milde klimaet og det gode jordsmonnet gir gode tilhøve for jordbruk, som er ei viktig næring i kommunen, stort sett med husdyrhald. Der er litt næringsmiddel- og verkstadindustri og litt fiskeoppdrett.

Kommunen har mange fornminne. Onarheim var tingstad og sete for Olavsgildet eller Onarheimsgildet, som var ei årleg sosial samling i mellomalderen med innlagde religiøse seremoniar. Ved Årbakka er det funne restar etter eit gravfelt frå eldre jernalder, med 6–7 bautasteinar og minst 25 haugar. Fleire stader i kommunen har det vore teke ut kleberstein og marmor. Nord på Tysnesøy ligg Godøysund, ein tidlegare handelsstad.

Avisa Tysnes er den største avisa i kommunen, og kom med det første nummeret i 1953. Avisa kjem ut kvar veke, redaksjonen held til i Uggdal, og avisa vert redigert på nynorsk.

I Tysnes tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1926, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1929. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 97 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Kåre Martin Kleppe (H) har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017