Hopp til innhold

Tysvær kommune, Rogaland

Cleng Peerson, som var leiar for den første gruppa med norske utvandrarar i 1825, kom frå Hesthammar i Tysvær kommune.

Tysvær kommune, 425 km2, ligg i Rogaland, har om lag 9700 innbyggjarar og grensar i aust til Suldal, i sør til Finnøy og Bokn, i vest til Karmøy og Haugesund og i nord til Vindafjord og til Sveio i Hordaland.

Tysvær vart skild ut frå Skjold i 1849. I 1965 vart Nedstrand og delar av Avaldsnes, Skjold, Vats og Vikedal slått saman med Tysvær, som den nye kommunen fekk namn etter. I 1969 vart eit mindre område overført frå Vindafjord.

Kommunen ligg på nordsida av Boknafjorden. Landskapet er prega av mange låge åsar. Kommunen har ei kystlinje på over 200 kilometer. Det er busetnad over det meste av kommunen, med ein sterk konsentrasjon i nordvest, i dei to største tettstadene i kommunen, Førresfjorden og administrasjonssenteret Aksdal. Det høgaste punktet i kommunen er Lammanut, 631 moh.

Den største arbeidsplassen i kommunen er gassterminalen på Kårstø, der gass frå den norske sokkelen vert behandla og transportert vidare til kontinentet. Drifta på Kårstø tok til i 1985. Kommunen har òg mykje jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald, men òg med dyrking av frukt og grønsaker. Nær ein tredjedel av dei yrkesaktive i kommunen pendlar til Haugesund.

I Tysvær er det gjort mange funn frå jernalderen. Ved Hesthammar og i Tysværvåg er der monument til minne om Cleng Peerson, og i Tysværtunet kulturhus i Aksdal er der ei utstilling om utvandringa til USA.

Tysvær bygdeblad er lokalavis for kommunen og kom med det første nummeret i 1976. Avisa kjem ut éin gong kvar veke, har hovudkontor i Aksdal og er redigert på nynorsk.

I Tysvær tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1951, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1927. Kommunen har åtte grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 27 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det har falt frå over 50 % ved milleniumsskiftet.

Sigmund Lier (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017